tirsdag 29. september 2009

Yttergangen vår.

Yttergangen fiksa me litt opp for ca eit år sida. No har eg endeleg malt dørene og dei siste listene. (Ja, det tar tid når utmattelse har krevd store deler av kroppen min siste åra.....)

Det var kjekt å få lys farge i gangen. Tidlegare var det grønn tapet der. Det var også fint i si tid.....

No ser det sånn ut :

Ja, er det ikkje fint med kvit dør kanskje.... Den kvite hylla er det mi eldste datter som har laga, som 12-åring . Så koslig syns eg. Må innrømma at ho var knallgul.... i følge dotter mi var det den fargen dei hadde på skulen ! Så det var heilt i orden for henne med litt kvitmaling....

Hjarta som heng på skjeive på veggen har eg laga sjølv . Også denne kransen av bjøkegreiner har eg laga sjølv.

Dette biletet hang i gangen heima hos Mamma og Pappa.  Det har eg fått og no heng det i min gang . Så sjarmerande dei skorne synest eg.. Kunstnaren heiter Vincent... Tenk om det er Vincent vanGogh....

Og den oransje puta havna her fordi

noko måtte jo matcha dørmatta....Haha.

søndag 27. september 2009

Kinasøte

Kinasøte er ei av plantene eg har fått av svigermor. Svigermor dø i vår og eg kjenner på at dei plantene eg har fått av henne betyr mykje no. Dei vil eg ta godt vare på. Eg sakner interessa svigermor viste for hagen min.

Kinasøte er ein fin blome synest eg. Den blomstrer så seint på året at det ikkje alltid er så lett å få nyta den. I dag har det silregna, og har vore mørkt og grått. Den eine fekk eg tatt bilete av tidlegare, håper det blir mulig å få litt fleire på "film".

Desse to siste er jo vårblomar og akkurat no står det stille når det gjeld namnet... Poenget med å visa desse er at svigermor har drive desse fram frå frø. Kvar vår blomstrer dei vidare i min hage. Det synest eg er ein flott måte å æra svigermor på.

fredag 25. september 2009

Heilt konge !

Så gøy ! I dag er eg komen med i det gode selskap på Hageblogger.  Gøy !

Det må feirast med eit hage innlegg ! Lite hagevær for tida, det regner og regner, og fotoapparatet er bortreist....så her må gravast i gamle skatter :

For nokre år tilbake kjøpte eg meg ein kongslys. No har eg mange kongslys, mange plasser.... Synest ikkje dei har blomstra så flott i år, kanskje det var for tørt på forsommaren. Ikkje veit eg.Håper me får nokre fine haustdager utover. Hagen hadde hatt bruk for litt ugras-fjerning før vinteren set inn. Synest ugraset veks heile vinteren her hos oss.....

Men akkurat no maler eg dører inne i huset.. lufter og fyrer på ein gang. Snakk om å fyra for kråka ! 

torsdag 24. september 2009

Bondevikar....

Med mann og eldste dotter bortreist, må me som er igjen passa garden. Heldigvis går dyra ute, noko dei gjer heile året. No har me 15 kyr/kviger, 13 kalver, Buddy (som er ein liten stut, som me skal eta....) og Rumulus ( som er sjefsoksen, det er han som tek seg av dei 15 damene). Og alle var på plass innafor dei rette gjerda. Dei er forresten svært kjekke dyr, rolige og flotte å sjå til.

 Bileta er tekne tidlegare i sommer.  Også dette av hestane :

Frida og Bella har vore ute på beite heile sommaren, og er nesten for villhester å rekna.... okey det var vel kanskje heilt sikkert å overdriva.Dei er svært glade når me kjem. Treng altså ikkje fangast med lasso.... I går kveld tok yngste dotter og eg hestane inn for natta. Trur dei syntes det var godt å koma i hus og få tørka opp litt. Og så fekk dei jo litt mjøl då, nam-nam. Dei var også svært glade for å koma ut igjen i dag.

Me her heima sakner no den bortreiste delen av familien. Og ho mor, sakner foto-apparatet.... Sidan me var aleine har tanta mi ringt i dag for å spandera komle-middag på oss to her heime. Det gler me oss til.

onsdag 23. september 2009

Maling av dører

No har eg starta eit stor prosjekt. Skal mala dei trekvite dørene i huset kvite. Dei passer på ein måte ikkje heilt inn lenger... alt det andre er jo på eit eller anna vis behandla. Tar 5 dører no i denne omgang...trur eg. Då er det 3 dører igjen i hovudetasjen.Prøvde å finna bilete med dørene på, men eg har jo unngått dei når eg har tatt interiørbilder i huset... Dette er frå konfirmasjonsdagen til eldste dotter vår, etter litt beskjæring då sjølvsagt. Kan de forstå at eg gler meg til å få malt dei ? ( Ja, og fotoapparatet er framleis på tur til Polen/Tyskland så eg får ikkje tatt bilder. Hrmf !)

Dei første dørene er no vaska, tatt kvistlakk på og no går eg og henter grunningsmaling!

Ha ein fin dag.

tirsdag 22. september 2009

Glimt frå stova vår i vinter.

For eit par tre år sida malte eg ein vegg lys blå i stova, samt at all panel vart malt i ei mandelfarge. Tak og golv er og vorte lysare med henholdsvis panel-lakk med kvitt i og golvlakk med kvitt i.

Den lyseblå fargen tykte eg var litt modig... Då eg skulle ut å kjøpa litt nytt som skulle passa saman med denne fargen var det ikkje lett å finna noko i det heile.... Men skal sei det ordna seg denne siste vinteren... rart med desse fargane i motebildet. Følte med mest som ein trendsetter eg.... Har ledd og kost meg med den tanken.

Her ser de putene med blåfarge i som eg fann til slutt, på Kremmerhuset om eg hugser rett.

Måtte jo også kompensera med litt blåfarge på motsatt vegg. Då fann eg denne vasen og denne skjønne englejenta.

Pynten står på dette gamle møbelet som var stua vekk her på garden.  Den er mit-behandla ,vaska og skrubba rein og har absolutt sin sjarm. Orginal-malingen er beholdt.


Alle bøkene som står der er gamle, dei er alle arvegods etter slekt. Kan skriva mykje om det, men det får me ta i eit anna innlegg...

 I kveld vert det Pilates på meg ! Ha det bra alle som titter innom.

mandag 21. september 2009

Hage i vid forstand....

Eg er glad i fleire planter enn berre hageplanter. Eg lar meg også fasinera av planter og andre vekster som veks vilt . Ein dag eg var på tur i markjo vår, kom eg over eit gjørmehol. Før hadde me berre sauer som beita i utemarkjo. Dei trippa så lett av gårde , og sette i liten grad spor etter seg. Jaja, utanom at dei sjølvsagt åt gras og diverse andre vekster. No har me berre storfe. Skotsk høglandsfe. Dei tripper ikkje så lett på tå.... Der dei ofte går, danner det seg stier, og er det blautt : ja, så er det fritt fram for gjørmebad. Kyrne er ofte brune til knea i våte perioder..... (Det høyrer vel med å seia at kyrne ein liten periode før dette var på eit anna beite, ellers er eg redd plantene ikkje hadde fått veksa i fred. )  

Ein dag kom eg over dette grisete, våte, gjørmeholet som eg måtte passera på mi vandring. Då slo det meg  :  Jammen var det no fint og!            Eg let bileta tala for seg.

Stein, planter, og vatn. Mange har ynskje om det i hagen. Ein liten innbyggjar fekk eg jo også med på bilete ! Naturen set også saman planter, lav og greiner i dei flottaste samanplantinger. Ingen dum plass å finna inspirasjon til eigne samanplantinger:

Blir ikkje nye bilete denne veka då fotoapparatet er på tur til Polen/Tyskland. Mannen min og eldste dotter med klassekamerater og andre foreldre,er med aktive fredsreiser på tur.Fotoapparatet kjem nok tilbake full-lasta med ein heilt annan type dokumentasjon enn det eg tek bilete av vanlegvis...

Det er foreldremøte neste på meg. Ha det godt.

lørdag 19. september 2009

Glede i kvardagen.

Har akkurat vore innom NIB (norske interiørblogger) , og sett på Glassveranda sin blogg. Der fann eg denne utfordringa : Nevn tre ting som har gjort deg glad denne veka.  Dette var ei utfordring som tiltalte meg. Min filosofi er at me lever i kvardagen, den må me gjera det beste ut av.Me må ha fokus på det som er bra i staden for det som ikkje er så bra. Så for første gang på min blogg : 

Utfordring : Tre ting som har gjort meg glad denne veka :

1.På tur med ei god veninna og dela glede over små og store kunstverk i naturen.

2. Å samla familien rundt middagsbordet og dela mat, dagens opplevingar og kjenna på gleden ved berre å vera saman.

3. Eg blir glad av å klara å gå litt på jobb igjen etter eit års sjukemelding ! Ikkje ta det å vera frisk som ein sjølfølge ! Det er fantastisk å vera frisk, sjølv om eg enno har symptom eg må arbeida med kvar dag.

Denne veka har eg hatt umåtelig mykje glede. Eg kunne ha laga ei lang liste.... Vil likevel til slutt sei at det som har halde meg oppe dette "sjuke" året er å ha fokus på det ein har gjort framfor det ein ikkje får gjort. Det ligg glede i det. Også det å gleda seg over små ting, og forstørra det har eg hatt nytteog glede av.

med gladhelsing Tullik

onsdag 16. september 2009

Lyng i hagen

Lyng har eg ein del av i hagen. Etter ein tur på lyngsenter på Karmøy for mange år sida (veit ikkje om det eksisterer enno) kjøpte eg mykje forskjellig lyng. Dessverre fekk eg ikkje alle til å trivast så eg har ikkje så mange igjen av dei. Men den turen opna augene mine for ar lyng ikkje berre er lyng. I dag har eg mest av dei heilt vanlege . Denne øverst vaks fram i torvblokka som eg har mura med der. Er nok ein heilt vanleg røsslyng. Slike eksemplar har eg fleire av .



Synest lilla er den finaste men den kvite er også flott. Kjekt å ha dei saman for å skapa kontrast.

Denne lyse lilla har fylte blomer. 



Også purpurlyngen er fin. Det var eit glimt av lyng frå hagen. I dag har eg vore på fjelltur. Og ingen plass er vel lyngen så fin som på fjellet !!!

Tullik

mandag 14. september 2009

Haustrunde i hagen

I går var eg ein runde i hagen. Ser at eg skulle vore å tatt litt ugras , men mykje fint er det å sjå enno. Her er nokre smakebiter.Ringblomsten har sådd seg sjølv langs kanten av eit bed. Står no egentlig i vegen innimellom ugraset som veks der, og der står den fint.Den kvite scabiosaen blomstrer så fint i år. Flytta den til denne plassen i fjor haust og no har den verkleg tatt seg ut. Den har fått nytt selskap av pyntekål no i haust.

I vår planta eg ein klematis nedanfor denne eineren i håp om å få litt blomstring i alt det grønne. Ser ut til å fungera i år i alle fall.Det vokser også litt myske rundt omkring der som blomstrer tidlegare på året.

Har skrive litt om haustanemonen tidlegare, men den må visst få vera med no og....Slik vart kvelden avrunda. Nydlig solnedgang. Pusen var med meg på heile runden. Frå blomekikking, til solnedgang.....

Slike søndager som dette bestiller eg fleire av utover hausten.....

Tullik