torsdag 17. desember 2009
Førjulsbakekos !!
Trur det er første gang at eg lager eit innlegg utan bilete eg sjølv har tatt !! Trur nok jentene mine blir litt inspirert av blogge.bileta til ho mor. Synest det er artigt....
Men det var no baking det skulle handla om.
Med ei mor som byrjer nysa og renna i nasa når kveitemjølet byrjer å sveva i lufta er det ikkje all baking som er like kjekk, for ho mor altså.. Heldigvis går jentene i gang på eiga hand no (har stått på kjøkkenet med dei før, med munnbind....)
Her vart det både pepperkakehus, pepperkakehjerter, vanlege pepperkaker, mørkhuda pepperkaker (som ikkje gjekk an å eta....)
Eldste dotter mi laga huset aleine i år. Kjempeflink...
Non-stop pynt må til....
Desse hjarta skulle hengast opp var planen..... men hmmmm Gløymde å laga hol i dei.... Yngste dotter gjekk og fann streng (det har jo mor i sakene sine) og laga hol. Det fungerte. Og mor blei litt imponert !!!
Og til slutt... noko som kanskje gleda mest : Kjøkkenet var heilt ryddig etterpå !!!
God baking til alle de som driv med det !!
onsdag 16. desember 2009
Lilla og lys i førjulstida
Her går det i førjulsaktiviteter for tida.
Me koser oss på forskjellig vis.
Lys er viktig. Det skaper ro, god stemning.
Levande lys, julebarne-tv, nokre julekjeks.
Gode pusterom i ei travel men trivlig førjulstid.
Levande lys.
Elektriske lys.
Begge deler bidrar til god stemningsbelysning.
Lørdag sat jentene og eg i fleire timar og pakka inn og
merka julegåver.
Det var også ei koslig stund.
Eg bruker mykje lilla i førjulstida, medan raudt snik seg inn meir og meir no når me nærmer oss jul.
Til og med kvelds-sola bidrog med lilla her ein kveld.
Har vore litt borte frå bloggen min no. Mista litt piffen då dotter mi, som bruker samme pc, innstalerte Picasa. Det skapte trøbbel i mine blogge-bilde rutiner og eg fann ikkje heilt ut av det. Ser at picasa gir gode muligheter for bilderedigering,kan tenka meg å behalda det men finn ikkje heilt ut av korleis, enno.....
Kjem nok snart tilbake no.
Ha det godt.
| Reaksjoner: |
søndag 6. desember 2009
Julekort frå gamle dager
Det blir jammen laga mange flotte julekort rundt omkring i desse dager.
Kreativiteten blomstrer.
Og mange flotte kort blir vist fram.
Det finaste julekortet eg veit om ser de her.
Eg veit ikkje kor gamalt det er.
Men det er tydleg at julekort kunne dei laga før i tida og.
Eg veit ikkje kor gamalt det er.
Men det er tydleg at julekort kunne dei laga før i tida og.
torsdag 3. desember 2009
Tenn lys ! Eit lys skal brenne.....
Advent i sofakroken hos oss.
Advent-staken er den samme gamle.
Brukt mange år.
Får litt ny pynt når trangen til forandring tar meg !
God advent til alle !!
lørdag 28. november 2009
Skugge over advendt....
Av og til blir bare livet snudd på hovudet.
Ingenting blir som ein hadde tenkt.
Det eg gleda meg til i går har ingen betydning i dag.
Tragedia har ramma ein familie i den vesle bygda vår.
Foreldre og søsken har mista ein bror, ein son i ei bil-ulukka.
Ungdommane i bygda sørger.
Me foreldre sørger.
Eg kjenner også på redsla for å mista eigne barn.
Eg tenkjer på foreldra som har mista.
På det meiningslause......
Tankane går til familien i kveld.
Etiketter:
kvardagsinnlegg
| Reaksjoner: |
fredag 27. november 2009
Med eit glimt frå stova mi.....
Fredag i dag.
Julebord med jobben i kveld.
Skal snart gjera meg klar, måtte berre innom her ......
Og ynskja god helg.
1. søndag i advent.
I morgon starter eg pyntinga ....advent, jule pynting !!
Gler meg.
Med eit lite glimt av pynten i stova mi no....
Ynskjer eg alle ei god helg !!!
torsdag 26. november 2009
Bare i år eller ....
Eg går og lurer på om det kvar haust har vore såpass med blomster i hagen min ?
Eg trur jo at eg alltid har vore oppteken av hagen,
året rundt.
Men har eg det ?
Ja, det lurer eg på om dagen...
I går kom det eit glimt av sol, då tok eg fotoapparatet med ut.
På hagevandring i slutten av november.....
Det var eit lite glimt frå hagelivet hos oss......
I november.
I desember .........
tirsdag 24. november 2009
Takk til.....
som alle har tenkt på meg med denne awarden:
Kjenner at tanken på å tenkja ut 15 nye som skal få denne og som kanskje helst ikkje har fått den....
Det stresser meg. Og siden blogging skal vera gøy, hopper eg rett og slett over den biten. Denne gangen.... Håper eg vert tilgjeven.
Når det er sagt.
Eg set utruleg stor pris på awarder, kommentarer og på at besøkstala stig. At nokon set pris på det eg gjer varmer umåteleg. Så blir det kanskje sånn at eg får spre litt glede med det eg skriv, slik som så mange av dykk har gleda meg !!
Apropos stress......
Det stresser meg. Og siden blogging skal vera gøy, hopper eg rett og slett over den biten. Denne gangen.... Håper eg vert tilgjeven.
Når det er sagt.
Eg set utruleg stor pris på awarder, kommentarer og på at besøkstala stig. At nokon set pris på det eg gjer varmer umåteleg. Så blir det kanskje sånn at eg får spre litt glede med det eg skriv, slik som så mange av dykk har gleda meg !!
Apropos stress......
Her går det i rydding om dagane. Hadde tenkt å ta nokre bilder inne, men det forsvann i iveren etter ryddige skap. På lørdag skal me levera 4 sekker med klede etter jentene til Barmhjertighetsbussen som skal til Ukraina rett etter jul. Jentene skal også kjøpa kvar sine julegåver og gje til samme aksjon.
Ha det fint alle der ute......
Etiketter:
kvardagsinnlegg
| Reaksjoner: |
søndag 22. november 2009
Sola er der alltid......
Frå der eg bur har eg full kontroll på solnedganger.
På veg til arbeid, er det soloppgang.
Dette får eg jo aldri tatt bilde av. Men denne dagen hugsa eg å ta med fotoapparatet.
Har spart på desse bileta... tenkte å ta dei fram I REGNVÆR.
Det passer godt NO.
Har regna nokre dager no.
I ettermiddag hadde eg ein fin tur med veninna mi.
Faktisk i opphaldsvær.
Men no auser det ned igjen.
Alt vær har sin sjarm. Godt med kontrastane og.
Godt å sitja inne i sånt vær.
Men også godt å vera i været. Kjenna på regn og vind.
Kjenner meg så levande ute.
Både i godt og dårleg vær.
Og forresten...
Kjøkkenet er så vaska som det ikkje har vore på mange år.
HERLIGT !!
Og tusen, tusen takk for koslige kommentarer. Det er SÅ kjekt, eg gler meg til dei stundene eg set meg ned og les det de har skrive.
Og bare for å sei det.... konjakk drikkinga tok ikkje overhand!
Min kjære vaska fint også i høgda.....
(Han sendte riktignok ein melding til ein kollega der han spurte om råd til kva han skulle gjera....
Han hadde tatt feil av konjakkflaska og jiffen ...... HAHAHA)
Etiketter:
kvardagsinnlegg
| Reaksjoner: |
fredag 20. november 2009
Kjøkkenvask....
Sitter her bak dataen og prøver å lada opp til kjøkkenvask.
Ingen julevask...
Her skal kjøkkenet vaskast fordi det er heilt nødvendig !!!!
Og det har det forsåvidt vore ei stund.
Tidlegare i veka spurde eg min kjære mann kor tid me skulle vaska kjøkken ?
Han svara fredag kveld.
No er han klar, skal berre fylla i konjakk-glaset.
Han påstår vaskinga går så mykje lettare då.....
Ikkje liker eg konjakk, ei heller noko særleg glad i andre sterke saker.
Sjokolade har eg slutta med, på mandag....
Her er det berre å ta seg sjølv i nakken og setja i gang !!!!
Er jo så kjekt etterpå.
Moseballane er komen ut i regnet , til eplene... Sånn ser det ut no.
Gler meg til julepyntinga.
God fredagskveld og helg !
Etiketter:
kvardagsinnlegg
| Reaksjoner: |
onsdag 18. november 2009
November-krysantemummmm
Det kan vel henda at de byrjer å bli lei av stadige bilder av denne snart så berømte krysantemummen min.
Kvar gang eg har lagt ut bilde av den har eg tenkt at no er det siste gangen. No kjem snart frosten og tar den.
Men den gang ei...
Bileta er tatt i dag,
i regnvær.
Trudde aldri den skulle koma i blomst.
Eg tok grundig feil !!
tirsdag 17. november 2009
Kunstbakverk
Baking er ikkje det kjekkaste eg gjer på.
Det er likevel bakverk her i huset av og til.
Denne gangen har eg mistanke om at det handla om å vera snopesjuk.......
I alle fall smakte det godt etter ein viss Ikea tur på fredag.....
Og flott dekorerte var dei. Her får kreativiteten blomstra.
Tusen takk kjære store jenta mi for gode muffins !
Etiketter:
kvardagsinnlegg
| Reaksjoner: |
søndag 15. november 2009
Lyslykter i sjømiljø.
I helga har mine foreldre vore på besøk hos oss.
Søndagsturen gjekk til sjøen og der tok eg desse bileta.
Me har ei gammal sjøbu der.
Om sommaren har me forskjellig liggande der , men det meste må heim på vinteren.
Det er for fuktig der.
Desse lyktene vart laga i samband med konfirmasjonen til eldste dotter mi . Sukketøyfarger minus gul var fargar ho valgte.
Norges-glass frå foreldra mine sin kjeller kom til heder og ære.
Perler på streng er pynten her.
Handtakstrengen har eg avslutta med å laga denne krusedullen. Grønt band pynter rundt kanten.
Denne benken sette min kjære mann opp i full fart med noko av det gamle materialet i sjøbua.
Egner seg lite til å sitja på !!
Ha ei fin veka !!
Etiketter:
Hobby - handarbeid
| Reaksjoner: |
lørdag 14. november 2009
Mosekuler 1
Dette er vel det ein kan kalla lite bloggifisert !!
Men la det være del 1 i serien om mosekulene eg og yngste dotter mi har laga .
Desse skal me pynta med ute framover mot jul. Først uten julepynt, så med julepynt. Som de forstår kan det bli fleire mose-kuleinnlegg framover.
Siste bilde er med ei lita lyslenke, batteridreven, kjøpt på Ikea i går.
Var og henta lerkegrangreiner også når eg henta mose.
Gler meg til å pynta med alt dette framover.
fredag 13. november 2009
IKEA fredag 13.
Yngste dotter på tolv år har tilbrakt dei to siste månadane på madrass på golvet... Ho var lei av si halvhøge seng og solgte den for å få penger til ny. No har me studert på senger på nettet....
Mor fann ei fin seng på Skeidar,romantisk, kvit, kan brukast som sofaseng , ikkje så dominerande, ville passa fint inn på hennes rom,men neida... Sjefen, altså dotter mi, likte ikkje den senga så godt. Og i akkurat dette tilfellet får yngste dotter vera sjef. Det er jo hennar seng det gjeld, i stor grad hennar penger og, til ei forandring ! På nettsidene til Ikea fann ho senga ho ville ha, Malm -enkeltseng i kvitt !! Sjekka mål, ja dette skulle få plass i Volvon.
Ok. Skulefri fredag. Her er det berre å rykkja ut og få senga i hus.
Tidleg opp, i alle fall tidleg nok når me kunne ha sove lenge... Ferje, plukka opp mor/mormor, og la ut mot Ikea. Framme elleve saman med ein del andre folk... men ikkje for mange heldigvis !
Etter å ha gått gjennom sofaer, kontorer, tv møbler, benker,hyller , kjøkken....og diverse andre freistande ting kom me fram til senga.
Og litla jenta mi sitt ansikt endra karakter... å var det sånn senga såg ut.... den var ikkje fin !! Alt for lav. Ho gjekk rundt og rusla litt og fann ei anna ho likte, og vips så var handelen gjort, inkludert ekstra møbler frå mormor !! Så var det ein del på sjølvbetjening og resten på Nyborg. Dvs. må i bil for å henta varene. Etter litt kose-shopping var det retning Nyborg for å henta senga. Ingen kø...jippi... men kva er det no me skal ha med oss heim ! Det var litt stort ja..... For ho mor hadde jo ikkje tenkt på å få sjekka måla på pakkane på den sist valgte senga. Jaja me får prøva !
Kan trygt skriva under på at ho mor sitt stressnivå auka , mykje. Dette er mitt handle-mareritt !! Å stå der på plassen, og stabla ....pusla, ut og inn igjen, litt meir til høgre eller venstre.....Og så byrja det sjølvsagt å regna.... Pakka ut og sjå om det stabler seg betre..... Skulle vore filma veit du ! Noko eg verkleg håper det ikkje blei....
For den som køyrde derfra uten å få igjen bakluka på bilen, med dårleg sikra last, med ei dotter som satt i vinkel, og ei mormor som ikkje hadde plass til beina... Det var meg !! Men alt og alle var i bilen ! Eg køyrde fint og roleg og er no vel heima.... Min kjære mann sa : "Det gjekk jo bra" og er sjeleglad for at han slepp rykkja ut med lånt bil og kasta bort lørdagen for å henta seng.....
Ikea er klart kjekkast når ein ikkje skal handla store ting, eg klarer jo fint å fylla bilen likevel !!!
Og så ser eg no, vel heime, at det er fredag den trettande i dag. Kanskje eg bør prisa meg lukkeleg for at det trass alt gjekk bra !!
GOD HELG !!
torsdag 12. november 2009
Lyseblå...
Eit lite glimt frå stova slik det såg ut i mai i år.
Servise er ein arv etter fasta til min mann.
Nydlege farger og mønster synest eg .
Duken bakerst på bilete er etter farmor mi.
Den er ganske tynnslitt , har sånn sjarm .
Sølvbrettet (nysølv) er etter Mormor og Bessen, og også dei små bretta som kubbalyset står på .
Blomane er rester frå konfirmasjonen me hadde i mai.
Nedanfor er blomane plassert i sølvpokalane etter Bessen min, han vant dei i roing !! Trur kanskje ikkje han hadde tenkt at dei skulle enda med blomar i , i min heim....
Kjøpmannsbenken det heile står på er på veg ut. Det siste innslaget som framleis er furufarga i stova mi....
I morgon står Ikea Åsane på planen. Ny seng skal i hus. Likte best den dei hadde på Skeidar her på øya eg,men min tolv-åring er av ei anna meining... Eit stykke å reisa, men må få det gjort no !!
Ha ein fin fredag alle !!
onsdag 11. november 2009
Eit aldri så lite steininnslag !
Desse murane har min kjære mann mura.....
Seier han ikkje har meir murestein no !
Kjempeflink synest eg han har vore.
tirsdag 10. november 2009
5 min. i hagen...
Liten hagerunde med fotoapparatet etter jobb i dag.
Krysantemumen har ikkje gitt tapt for kuldegradene.
Heller ikkje desse :
Til tross for sola som har varma i dag var det rimfrost i mosen.
Og nydleg solnedgang...
mandag 9. november 2009
Det er kjekt å pynta ute også.
Har fått denne gamle sink-baljen av min mann.
Slik blei den plassert i første omgang.
På veggen ute pryder ei gamal bjølle og noko hesteutstyr.
Kransen er eit resultat av mine heklesprell......
Velkomen til oss er du !
Det nærmer seg forandring i pynten utanfor.
Planane er klare.....
Gler meg !!
Til slutt eit bilete frå fjellturen i dag, med klassen til yngste dotter.
Nydlig vær, flott utsikt, godt selskap.
Dette er hausten på sitt beste.
Ha ei fin veke alle saman !!
| Reaksjoner: |
lørdag 7. november 2009
Nr 3
I kveldinga i dag (fredag) kom forkjøling nr. 3 denne hausten,
på besøk til meg.
Skulle tru det var eit tappert forsøk på å setja ein eller annan rekord.
Jaja, det går no over !
Men formen tilseier eit kort innlegg....
Det viktigste å få sagt er :
God helg alle saman !!
torsdag 5. november 2009
Novemberhagen....
Det er ikkje sånn at eg er så mykje ute i hagen og arbeider,
men det er no artigt å ta bilete av det som er.....
Jordbæråkeren står der og er eit flott syn.
Nydlige farger.
Dette trur eg ikkje eg har observert før :
Jordbærkart i november.
Hugser de krysantemumen frå oktoberhagen.....
Han er nærare blomstring enn nokon gong !!
Tre grader ute i kveld......
Kattosten blomstrer enno.
Desse er sjølvsådde og dukka opp inni rosene mine !
Tagetesen byr på eit par blomer til...
Campanulaen har no selskap av pyntekål og lyng. Han ser ut til å lika selskapet for han blomstrer med ganske mange blomer !
Bileta er tekne i dag !
(Hagen min er i klimasone 2 )
Opphaldsvær, glimt av sol, ingen vind i dag !!
Til slutt vil eg berre sei :
Tusen takk for koslige kommentarer på bloggen min.
Det varmer, det inspirerer !!
Ha ein fin kveld
og fredag !!
onsdag 4. november 2009
Haukeli
På vei over Haukeli må me alltid stoppa på Haukeliseter.
Dette var i kveldinga med flott lys.
Knipsa då ein del bilete som kjem her :
Fint å smaka på vinteren.
No er eg tilbake i hausten på Vest-landet.
tirsdag 3. november 2009
Gratulera med dagen......
Kjære søte veninna mi fyller år i dag.
Gratulera så mykje S !!
Me kjem i kveldinga....
Ynskjer deg ein fin dag !
Stor klem.
mandag 2. november 2009
torsdag 29. oktober 2009
Gladioler
Eg våger nesten ikkje å sei det,
men enno blomstrer det i min hage...
Ikkje rikt og stort, men smått og godt...
For fleire år sida fekk eg gladiol -løker til bursdagen min.
Dei fleste forsvann....
Men denne eine kjem att år etter år. Han rekk ikkje alltid å blomstra, men i år viser han fram ein flott blom på slutten av sesongen.
Frøken Gladiol har selskap av Mr. Ringblomst .
Dei må snakka litt høgt for å nå kvarandre !
Denne krysantemumen som eg kjøpte i fjor haust, har overvintra og står no med eit vell av knopper. For seint, tenkjer eg. Han kan nok ikkje forsvara plassen sin i dette bedet.
Så nær, så nær....
Bileta er teken på ein regnværsdag. I dag har det vore fint haustvær hos oss. I morgon set heile familien nasa austover, til Son, der me skal feira bursdagar og godt samvær med venner.
Det kan bli stille her medan eg er vekke.
God helg til doke alle !!
Morsom utfordring for dei små grå....
Fra Krepsemor har eg fått denne utfordringa :
"Utfordrer 5 personer och berätta det för dem samt personen som utmanat dig. Varje svar måste börja med första bokstaven i ditt namn. Alla svar måste vara riktiga, hitta inte på ord. Om personen som utmanade dig har ett namn som börjar med samma bokstav som ditt, får du inte ge samma svar som han/hon gjort. Du fårheller inte skriva samma svar 2 ggr.eller skriva ditt namn som svar(förutom fråga1)."
Og her kjem mine svar då etter å ha vridd dei små grå :
1. Vad heter du: Torill
2.Ett ord på 4 bokstäver: Takk
3. Flicknamn: Trine
4. Pojknamn: Truls
5. Yrke: Tannlege
6. Färg: Turkis
7. Klädesplagg: Truse
8. Mat: Taco
9. Sak i badrummet: Tannkrem
10. Plats/Stad: Tuftaland
11. En orsak att vara sen: Tannverk
12. Något man skriker: Tull
13. Film: Titanic
14. Något man dricker: Te
15. Band: The Beatles
16. Djur: Tiger
17. Gatunamn: Tranevegen
18. Bil: Toyota
19. Sång: Thriller
Dei som får (den tvilsomme) æra av å ta utfordringen er :
Bestemor Drillo ,
Stine dag for dag
Den blå halvkule
Med hjertet
Primula og mere til
Og sjølvsagt, gjer det berre om du har lyst....
"Utfordrer 5 personer och berätta det för dem samt personen som utmanat dig. Varje svar måste börja med första bokstaven i ditt namn. Alla svar måste vara riktiga, hitta inte på ord. Om personen som utmanade dig har ett namn som börjar med samma bokstav som ditt, får du inte ge samma svar som han/hon gjort. Du fårheller inte skriva samma svar 2 ggr.eller skriva ditt namn som svar(förutom fråga1)."
Og her kjem mine svar då etter å ha vridd dei små grå :
1. Vad heter du: Torill
2.Ett ord på 4 bokstäver: Takk
3. Flicknamn: Trine
4. Pojknamn: Truls
5. Yrke: Tannlege
6. Färg: Turkis
7. Klädesplagg: Truse
8. Mat: Taco
9. Sak i badrummet: Tannkrem
10. Plats/Stad: Tuftaland
11. En orsak att vara sen: Tannverk
12. Något man skriker: Tull
13. Film: Titanic
14. Något man dricker: Te
15. Band: The Beatles
16. Djur: Tiger
17. Gatunamn: Tranevegen
18. Bil: Toyota
19. Sång: Thriller
Dei som får (den tvilsomme) æra av å ta utfordringen er :
Bestemor Drillo ,
Stine dag for dag
Den blå halvkule
Med hjertet
Primula og mere til
Og sjølvsagt, gjer det berre om du har lyst....
onsdag 28. oktober 2009
Går det på fram eller ...
På tur lang vegen får eg auga på noko kvitt i vegkanten.
Kva kan no dette vera ?
Her er det noko som ikkje stemmer....
Hallo maur.....
Eg trudde de brukte barnåler, og i alle fall naturmaterialer til byggemateriale ?
Kva er det du seier ?
Har de lest så mange interiørblogger...
og blitt påverka !!
Både av kvite trender og gjenbruk seier du..
Furu er fysj !
Kvit kantmaling frå vegen er det nye byggematerialet !
Og så er de på jakt etter kvitmaling til å mala furunålene med ja....
Godt ikkje all maur bur i vegkanten slik at skule-lærdomen min stemmer, av og til i alle fall !
Ha ein fin dag !!
mandag 26. oktober 2009
Klubb....vennskap.
Me er fire damer som har klubb ca. ein gang i månaden.
Formålet med klubben er kun det sosiale.
Å treffast kan vera vanskeleg i ein travel kvardag.
Klubben sikrer treffpunkt (i alle fall til ein viss grad).
Den handler om vennskap.
Om å dela gode og tunge stunder med kvarandre.
Me kan grina, me kan le.
Me dele erfaringer .
Me dele litt av livet vårt.
Av og til er me svært fortrulege .
Andre ganger løyser me verdsproblem.
Me koser oss med god mat og god prat.
Deler strikke og andre oppskrifter.
Hmmmm
Byrjer ikkje dette å likna mistenkjeleg på
blogging !
Etiketter:
kvardagsinnlegg
| Reaksjoner: |
søndag 25. oktober 2009
Hestetida er over.
Detter er Frida og Bella .
Nordlandshester.
Bella kom til oss for ca. 3 1/2 år sida.
Hesteinteressen her i tunet var på topp.
Begge jentene rei kvar sin dag på rideskule i nærleiken.
Arbeidet i stallen vart fordelt mellom far i huset og jentene.
Bella var til stor glede.
Ho er ein hest som liker at det skjer noko rundt henne. Glad i å bli ridd og treivst godt på rideskulen i lag med andre hestar. Eg som frå før ingen erfaring hadde med hest, meistra Bella fint. Ikkje riding med meg då, men handtering og leiing.
Jentene meistra Bella svært fint. Begge jentene hadde fin kontroll og lærte seg å ri, både i terreng og på bane.
Frida kom til verda for 1 1/2 år sida.
Stor stas.
Frida er også ein kjekk hest. Lærevillig. Glad i folk.
Dessverre har interessa for hestane vore på sterk retur siste året.
Og etter vanskelige samtaler og vurderinger er beslutningen tatt.
Med tungt hjarte.
Me må selga hestane .
Me kan ikkje ha to hester som ikkje får dei utfordringane dei har bruk for og fortener .
Nokon som veit om nokon utrulege snille og heste-interesserte folk som vil kjøpa ein av, eller begge hestane ?
Hestane har vore til stor glede for oss og me angrer absolutt ikkje på at me kjøpte hest. Me har hatt fine opplevingar med dei, jentene har hatt mange meistringsopplevingar, dei har lært om arbeid i stallen og opplevd nærleik til dyr.
Me voner det finns nokon der ute som kan få nye slike opplevingar med hestane. Hos oss er dei no alt for mykje aleine.
(Send gjerne mail , om nokon har interesse for dei.)
Utfordring: Tre ting !
3 ting jeg husker som det var i går:
Då eg vart "forlatt" av mor mi på sjukehuset vel 2 år gamal, skulle trekkja mandlane.
Den kvelden eg møtte han som i dag er min kjære mann !
Fødslane til mine to jenter.
3 ting jeg misliker:
Negativitet og syting.
Når folk ikkje vil andre vel.
Rot.
3 ting jeg liker godt:
Kjærlighet og omtanke
Natur og friluftsliv.
Hagearbeid.
Fødslane til mine to jenter.
3 ting jeg misliker:
Negativitet og syting.
Når folk ikkje vil andre vel.
Rot.
3 ting jeg liker godt:
Kjærlighet og omtanke
Natur og friluftsliv.
Hagearbeid.
3 blogger jeg besøker (omtrent) daglig:
Sjå bloggelista / følgjarane mine.
Det er fleire enn tre....
3 sanger jeg hører på for tiden:
Liker musikk og har mine favoritter men spesielle sanger eg høyrer på.... nei, det vart for vanskelig !
3 venner jeg vil sende utfordingen videre til:
Stine dag for dag
Med hjertet
Primula og mere til.
torsdag 22. oktober 2009
Ein skygge av meg sjølv
Eg veit ein del om å vera ein skugge av seg sjølv.
Om å ikkje ha overskot.
Om å vera utmatta.
Om å ikkje leva det i livet ein kunne ynskja seg.
Om å tilbringa mesteparten av døgnets timer i seng eller på sofaen.
Er ikkje klar for å sei så mykje om det.
MEN
I fjor på desse tider og fram til for ca. 6veker sida, trudde eg, tenkte eg, at eg aldri kom til å klara å gå til fjells igjen .
At eg aldri kom til å få sjå den nydlige utsikten frå fjellet bak huset vårt.
MEN
I dag har eg vore der.
Til topps.
Våt av svette.
Våt av gledes tårer.
I nydleg haustvær.
Solnedgang.
Nydlige farger.
Det var som fjellet berre ynskte meg velkomen tilbake.
Ein seier var det og.
Eg har mine plager og symptomer som eg skal læra meg å leva med.
Men eg er frisk.
Eg har levd meir denne siste månaden , enn det eg har gjort siste året.
Om livet likevel kunne vera godt før:
DET ER FANTASTISK NO.
Dessverre gløymde eg fotoapparatet, så desse solnedgangane er andre kvelder. Har bilder på mobilen, men korleis få dei derfrå og over hit....hmmm det er framleis ei gåte for meg.. men eg veit om ein som kan....
onsdag 21. oktober 2009
Nydleg haustdag i hagen
Sol frå blå himmel i dag. Fin temperatur.
Utruleg deilig å vera ute.
Tok mange bilder.
Glimt frå hagen i dag.
Dette er ei av mine gamle blå keramik-potter, billige i si tid. No er dei spraymala med fleire lag tynt svart. Litt artigt at mønsteret framleis viser med lys farge.
Pleier å vera ein hosta i krukka til venstre. Ville bare visa murearbeidet til min kjære mann.
Kjem liksom ikkje forbi kinasøten....
Sånn ser det ut hos oss i dag.
Håper du også har hatt ein fin dag !
Og så til meg då...
Tusen takk til Den blå halvkule for denne awarden.
Eg kjenner meg akkurat som ein liten unge som har fått sjokolade i belønning....Og eg er altfor glad i sjokolade. Bare så det er sagt !
Siden eg er ein ganske fersk blogger kan eg jo ikkje visa til laaange bloggevennskap , men til VERDIFULLE bloggevennskap!
Sender awarden vidare til:
Abonner på:
Innlegg (Atom)




.jpg)
.jpg)
