Viser innlegg med etiketten Gard. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gard. Vis alle innlegg

fredag 20. mai 2011

Gyldne augneblikk........

Lite blogging siste veka. For første gang sida me fekk skotsk høglandsfe for 15 år sida har me fått oss alekalv. Mora har avvist kalven, sulten og utmatta tok me den inn.
Etter jamnleg mating og dyrlege hjelp er kalven no kvikk og rask. Mykje tid går med når ein får sånne små babyer som skal ha flaske.
Og som om det ikkje var nok hadde me også avtalt å sjå på kvalp torsdag forrige veka. Og kvalpen kom i hus samme kveld.
 
Søt og sjarmerande som berre det. Men det blir jo akkurat som å få enno ein baby i hus.... Hunden heite Happy, og er ei Border collie tispe. Før ho kom til oss har ho aldri vore i hus, så her er mykje som skal lærast. Ein svært viktig lærdom er å ikkje gå i mine bed  !! Ho trivst med å vera ute i hagen og springa og enno går det bra med mine bed. I dag konsentrerte me oss om gule, orange og raude blomer på fotorunden vår . Deler desse med doke :








.....og så skal kalven ha melk !!
GO`HELG !!

søndag 27. mars 2011

Jenta med motorsag.

Det var ein gang ei odelsjente på ein liten gard på Vestlandet. Då ho fanga opp at  jamngamle odelsgutar hadde vore på kurs i korleis handtera motorsag ropa ho ut "kvifor har ikkje eg fått tilbod om dette? 
 
Ropa vart høyrd, nytt kurs vart arrangert, og fleire jenter vart melde på. Odelsjenta lærte om stell av sag, om trygg bruk av motorsaga, om teknikker og øving i skogen fekk dei og. No kan odelsjenta svinga motorsaga.
 
Veden for neste vinter er felt og kvista. På sidelinja kunne ein stolt far og bestefar stå å sjå på. Ikkje fritt for at mor og mormor, som godt kan lika ved i ovnen, også var stolte og glade.
Tryggleik er viktig. Både hjelm,vernesko og bukse er på. Ikkje akkurat vakkert synest odelsjenta, som er oppteken av mote og design. Kan hende ho kan gjera noko med det på sikt ?

Sidan dette er ei sann historie kan eg ikkje slutta av med "snipp snapp snute ,no er eventyret ute", men sluttar med parolen
"jenter kan også" ! .   

lørdag 16. januar 2010

Vedahogst !!



 På garden her me bur, er det ein ting me har rikeleg tilgang på :
Skog.

 

Trær.
Tre veks opp over alt der husdyr ikkje beiter. 
Og fordi mange legg ned gardsbruka sine, og ingen dyr beiter lengre..... vert det meir og meir skog rundt oss.
Kvar vinter vert det hogge trær til ved her på garden.



 Denne gongen var det nokre gamle trær som vart lagt ned.
Og gamle trær har mykje sjarm.
Her veks mose, lav og heksekoster......



 

 

Sjarmerande, kanskje trollske, er desse vekstene, året rundt !!
Med meg var også ei lita trolljente, sjarmerande ho og !!



søndag 25. oktober 2009

Hestetida er over.

Detter er Frida og Bella .
Nordlandshester. 
Bella kom til oss for ca. 3 1/2 år sida. 
Hesteinteressen her i tunet var på topp.
Begge jentene rei kvar sin dag på rideskule i nærleiken.
Arbeidet i stallen vart fordelt mellom far i huset og jentene.
  

Bella var til stor glede.
Ho er ein hest som liker at det skjer noko rundt henne. Glad i å bli ridd og treivst godt på rideskulen i lag med andre hestar. Eg som frå før ingen erfaring hadde med hest, meistra Bella fint. Ikkje riding med meg då, men handtering og leiing.
Jentene meistra Bella svært fint. Begge jentene hadde fin kontroll og lærte seg å ri, både i terreng og på bane.

Frida kom til verda for 1 1/2 år sida.
 

 Stor stas.
Frida er også ein kjekk hest. Lærevillig. Glad i folk.
Dessverre har interessa for hestane vore på sterk retur siste året.
Og etter vanskelige samtaler og vurderinger er beslutningen tatt.
Med tungt hjarte. 
Me må selga hestane .
Me kan ikkje ha to hester som ikkje får dei utfordringane dei har bruk for og fortener .

 
 Nokon som veit om nokon utrulege snille og heste-interesserte folk som vil kjøpa ein av, eller begge hestane ?
Hestane har vore til stor glede for oss og me angrer absolutt ikkje på at me kjøpte hest.  Me har hatt fine opplevingar med dei, jentene har hatt mange meistringsopplevingar, dei har lært om arbeid i stallen og opplevd nærleik til dyr.
Me voner det finns nokon der ute som kan  få nye slike opplevingar med hestane. Hos oss er dei no alt for mykje aleine. 
(Send gjerne mail , om nokon har interesse for dei.) 

fredag 16. oktober 2009

Familiens midtpunkt.


Kven kan no detta vera ?

Snute, værhår og mjuke poter...
Sjølvsagt er det katten vår.

 Han er det sjølvsagte midtpunktet i familien.
Han har alltid hevda det sjølv.
No ser me at det er slik. 

Slik som katten alltid har sagt.
Han tek plass i sofa og stol, med den største sjølfølge.
Han er sjefen. Inne.


Ute .
Kven var det som skulle sitja der på eit sitteunderlag og nyta hausthagen ? 
Var det katten ? 
Ikkje i utgangspunket nei. 
Men han tar sin plass. 
Han er jo sjefen !

 
 Når mor har lagt sitt nyhekla teppe på golvet for å studera det litt, er det sjølvsagt for katten at det ligg der for at han skal tørka seg på det, der han kjem våt inn frå regnet.

Eller det nye teppet på golvet.
Sjølvsagt er det kjøpt inn for at han skal ha noko å kvessa klørne på !
Ja, kva ellers ? 


Er me ute er han gjerne der me er.
Sånn i nærheten.
Kom gjerne å ta meg, seier han.
Liker nemlig godt å springa frå oss.

Andre gonger vil han ha fred.

Ein gang fann han ut at dette skapet kunne han sova i. Smetter gjerne inn i diverse skap og hyller.
Vil ha fred til å sova då. 
Har hendt me ikkje har funne han sjølv om me veit han er inne! 


Ute vert han skarp i blikket.
Jaktinstinkt.
Ikkje musetrøbbel her lenger.
Insekt og fugler (dessverre) er like interessant. 
 
Han er høgt elska av oss alle.
Finn seg i kos og klapp, er avslappa og god kosepus.
Visste ikkje eg at katter var så kjekke dyr.

Diverre går eg no og kjenner på noko allergi.
Er så redd det skal vera katten. 

Med kosen kattehelsing frå Rampus og matmor.
GOD HELG !  

onsdag 7. oktober 2009

Gyda liker kålblad !


Gyda, som kua heiter ville gjerne smaka på kålblad.



Mmmmmm, smaker godt.

Vil du ha og ??
 
Eg får gå opp til deg då, når du ikkje våger deg ned.
 
Du vil ikkje ha nei ! Jaja, du fekk no tilbudet !

torsdag 24. september 2009

Bondevikar....

Med mann og eldste dotter bortreist, må me som er igjen passa garden. Heldigvis går dyra ute, noko dei gjer heile året. No har me 15 kyr/kviger, 13 kalver, Buddy (som er ein liten stut, som me skal eta....) og Rumulus ( som er sjefsoksen, det er han som tek seg av dei 15 damene). Og alle var på plass innafor dei rette gjerda. Dei er forresten svært kjekke dyr, rolige og flotte å sjå til.

 Bileta er tekne tidlegare i sommer.  Også dette av hestane :

Frida og Bella har vore ute på beite heile sommaren, og er nesten for villhester å rekna.... okey det var vel kanskje heilt sikkert å overdriva.Dei er svært glade når me kjem. Treng altså ikkje fangast med lasso.... I går kveld tok yngste dotter og eg hestane inn for natta. Trur dei syntes det var godt å koma i hus og få tørka opp litt. Og så fekk dei jo litt mjøl då, nam-nam. Dei var også svært glade for å koma ut igjen i dag.

Me her heima sakner no den bortreiste delen av familien. Og ho mor, sakner foto-apparatet.... Sidan me var aleine har tanta mi ringt i dag for å spandera komle-middag på oss to her heime. Det gler me oss til.