Noko av det eg har gjort er eg meir nøgd med enn anna. Å bruka myske som bunndekker, er eg godt nøgd med. Berre sjå her :
I utgangspunktet veks det to halvstore rhododendron her og slik kom ideen om bunndekke inn. Sidan har både bronseblad og hosta fått blanda seg i det gode selskap.
Mysken må stoppast , så langt har det gått bra. Bronseblada plukker eg i for at dei ikkje skal ta alt lys frå rhododendronen. Men like fullt synest eg dei utgjer eit godt kompaniskap. Ei blå valmuesøster har blanda seg i selskapet....Muleg ho må skifta selskap !!
Go`helg hagevenner og andre venner !!