mandag 21. september 2009

Hage i vid forstand....

Eg er glad i fleire planter enn berre hageplanter. Eg lar meg også fasinera av planter og andre vekster som veks vilt . Ein dag eg var på tur i markjo vår, kom eg over eit gjørmehol. Før hadde me berre sauer som beita i utemarkjo. Dei trippa så lett av gårde , og sette i liten grad spor etter seg. Jaja, utanom at dei sjølvsagt åt gras og diverse andre vekster. No har me berre storfe. Skotsk høglandsfe. Dei tripper ikkje så lett på tå.... Der dei ofte går, danner det seg stier, og er det blautt : ja, så er det fritt fram for gjørmebad. Kyrne er ofte brune til knea i våte perioder..... (Det høyrer vel med å seia at kyrne ein liten periode før dette var på eit anna beite, ellers er eg redd plantene ikkje hadde fått veksa i fred. )  

Ein dag kom eg over dette grisete, våte, gjørmeholet som eg måtte passera på mi vandring. Då slo det meg  :  Jammen var det no fint og!            Eg let bileta tala for seg.

Stein, planter, og vatn. Mange har ynskje om det i hagen. Ein liten innbyggjar fekk eg jo også med på bilete ! Naturen set også saman planter, lav og greiner i dei flottaste samanplantinger. Ingen dum plass å finna inspirasjon til eigne samanplantinger:

Blir ikkje nye bilete denne veka då fotoapparatet er på tur til Polen/Tyskland. Mannen min og eldste dotter med klassekamerater og andre foreldre,er med aktive fredsreiser på tur.Fotoapparatet kjem nok tilbake full-lasta med ein heilt annan type dokumentasjon enn det eg tek bilete av vanlegvis...

Det er foreldremøte neste på meg. Ha det godt.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei!
Endeleg har eg tatt meg tid til å sjå bloggen din.Jammen var den fin, eg er imponert!!! Ingf

Randi sa...

Masse flotte bilete her inne! Andemat er kjempekoseleg, eg har tenkt på å ha det i ei av desse whiskeytønnene for eksempel saman med nokre andre vatnplanter. Det er nok av vakre kunstverk i naturen om ein veit å sjå etter : )

Tullik sa...

Sjå der du. Andemat er altså namnet på den vassplanta. Takk skal du ha Randi.