Viser innlegg med etiketten Utfordring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Utfordring. Vis alle innlegg

søndag 24. januar 2010

Takk !!



 Tusen takk til Den blå halvkule og Ramme alvor for denne awarden.
Det er kjekt å bli satt pris på.  Set stor pris på kommentarane de legg igjen på bloggen min, men også  på å lesa bloggane dykkar !! De inspirerer begge !!

 Reglene for awarden er slik:

Lim inn awarden på din blogg. Link til den du fekk den av.
Fortell 7 interessante ting om deg sjølv.Gje den videre til 7 andre kreavtive bloggarar, link til deira blogger og gje beskjed om at dei har fått den.


7 interessante (?) ting om meg :

* Eg  var innlagt på sjukehus 2 år og 2 månader gamal for å fjerna mandlane.... Utan Mamma og Pappa, i ei veke. Hugser det meste fram til narkosen, etterpå er alt borte.... Sterk og skræmande oppleving for ei lita jente. Godt det ikkje er slik i dag.

* Eg har eit stort engasjement i forhold til at barn og unge som veks opp, skal ha det godt .Og foreldre som ynskjer hjelp til dette skal enkelt få hjelp !! Dette engasjementet viser eg spesielt gjennom jobben min.

* I livet mitt er familien min det eg verdset høgast av alt.

*Eg trur at kvar og ein av oss har større nytte av å  endre eigen atferd (oppførsel) enn å prøva å endre andre.....Slik du vil at andre skal vera mot deg, skal du vera mot dei !!

* Eg er veldig glad i dyr. Men spesielt HUNDER . Synest det å kommunisera med dyra, forstå deira atferd, bli kjent med "personlighet" er spanande.

* Min kvardag har i mange år (over 10) vore prega av utmattelse. Eg har ein sorg over alt eg ikkje har fått gjort alle desse åra, men lever no med mange planer eg skal setja ut i livet.....for eg er frisk no (jobber med å vera det ). Min filosofi har vore og er : Det er viktigare å ha fokus på det ein har fått gjort enn det ein ikkje har fått gjort  !

* Eg meiner det er viktig å ta vare på kvardagane. Det er dei me har flest av !!

Sju blogger som awarden går vidare til :

Hmmmmm, det vart ingen !!!
Etter å ha trøbla med å få lagt inn koblinger seier eg det slik :
ALLE på mi bloggliste fortjener ein slik award. Nokon er kreative med ein vakker blogg, nokon med bildebruk, nokon med gode kommentarer, nokon med handarbeid og hobbyaktiviteter, nokon med hageglede og  hageaktiviteterr, nokon med livsglede, nokon med litt av alt..... Flotte bloggere alle !!!
Mange av dykk har alt fått award. De som ikkje har fått den og har lyst på utfordringen, hopp til å ta den. Eg synest du fortjener den !!!

torsdag 29. oktober 2009

Morsom utfordring for dei små grå....

 Fra Krepsemor har eg fått denne utfordringa :


"Utfordrer 5 personer och berätta det för dem samt personen som utmanat dig. Varje svar måste börja med första bokstaven i ditt namn. Alla svar måste vara riktiga, hitta inte på ord. Om personen som utmanade dig har ett namn som börjar med samma bokstav som ditt, får du inte ge samma svar som han/hon gjort. Du fårheller inte skriva samma svar 2 ggr.eller skriva ditt namn som svar(förutom fråga1)."


Og her kjem mine svar då etter å ha vridd dei små grå :


1. Vad heter du:  Torill


2.Ett ord på 4 bokstäver: Takk


3. Flicknamn: Trine


4. Pojknamn: Truls


5. Yrke: Tannlege


6. Färg: Turkis


7. Klädesplagg: Truse


8. Mat: Taco


9. Sak i badrummet: Tannkrem


10. Plats/Stad: Tuftaland


11. En orsak att vara sen: Tannverk


12. Något man skriker: Tull


13. Film: Titanic


14. Något man dricker: Te


15. Band: The Beatles


16. Djur:  Tiger


17. Gatunamn:  Tranevegen


18. Bil: Toyota


19. Sång:  Thriller


Dei som får (den tvilsomme) æra av å ta utfordringen er :


Bestemor Drillo ,
Stine dag for dag
Den blå halvkule
Med hjertet 
Primula og mere til 

Og sjølvsagt, gjer det berre om du har lyst....


onsdag 7. oktober 2009

Skriv eit rosa innlegg...

Tema : Brystkreft.
I mitt nærmiljø bur det ei dame som eg tenkjer mykje på i samband med dette tema . Litt lenger vekke bur det også ei dame som eg tenkjer mykje på. 


 Denne skåla har mannen min og eg fått av den sistnemde dama. Rosa mønster på nydlig skål.

Desse blomane går spesielt til doke to i dag.
Helsing med gode ynskjer også  til alle som har vore oppe i samme situasjon, eller smakt på det... Kjent på redselen...  



lørdag 19. september 2009

Glede i kvardagen.

Har akkurat vore innom NIB (norske interiørblogger) , og sett på Glassveranda sin blogg. Der fann eg denne utfordringa : Nevn tre ting som har gjort deg glad denne veka.  Dette var ei utfordring som tiltalte meg. Min filosofi er at me lever i kvardagen, den må me gjera det beste ut av.Me må ha fokus på det som er bra i staden for det som ikkje er så bra. Så for første gang på min blogg : 

Utfordring : Tre ting som har gjort meg glad denne veka :

1.På tur med ei god veninna og dela glede over små og store kunstverk i naturen.

2. Å samla familien rundt middagsbordet og dela mat, dagens opplevingar og kjenna på gleden ved berre å vera saman.

3. Eg blir glad av å klara å gå litt på jobb igjen etter eit års sjukemelding ! Ikkje ta det å vera frisk som ein sjølfølge ! Det er fantastisk å vera frisk, sjølv om eg enno har symptom eg må arbeida med kvar dag.

Denne veka har eg hatt umåtelig mykje glede. Eg kunne ha laga ei lang liste.... Vil likevel til slutt sei at det som har halde meg oppe dette "sjuke" året er å ha fokus på det ein har gjort framfor det ein ikkje får gjort. Det ligg glede i det. Også det å gleda seg over små ting, og forstørra det har eg hatt nytteog glede av.

med gladhelsing Tullik