torsdag 29. oktober 2009

Gladioler

Eg våger nesten ikkje å sei det,
men enno blomstrer det i min hage... 

 

Ikkje rikt og stort, men smått og godt...

 

For fleire år sida fekk eg gladiol -løker til bursdagen min.
Dei fleste forsvann.... 
Men denne eine kjem att år etter år. Han rekk ikkje alltid å blomstra, men i år viser han fram ein flott blom på slutten av sesongen.

 

Frøken Gladiol har selskap av Mr. Ringblomst .
Dei må snakka litt høgt for å nå kvarandre !

 

 Denne krysantemumen som eg kjøpte i fjor haust, har overvintra og står no med eit vell av knopper. For seint, tenkjer eg. Han kan nok ikkje forsvara plassen sin i dette bedet.

  

Så nær, så nær.... 

Bileta er teken på ein regnværsdag. I dag har det vore fint haustvær hos oss. I morgon set heile familien nasa austover, til Son, der me skal feira bursdagar og godt samvær med venner.
Det kan bli stille her medan eg er vekke.
God helg til doke alle !! 

Morsom utfordring for dei små grå....

 Fra Krepsemor har eg fått denne utfordringa :


"Utfordrer 5 personer och berätta det för dem samt personen som utmanat dig. Varje svar måste börja med första bokstaven i ditt namn. Alla svar måste vara riktiga, hitta inte på ord. Om personen som utmanade dig har ett namn som börjar med samma bokstav som ditt, får du inte ge samma svar som han/hon gjort. Du fårheller inte skriva samma svar 2 ggr.eller skriva ditt namn som svar(förutom fråga1)."


Og her kjem mine svar då etter å ha vridd dei små grå :


1. Vad heter du:  Torill


2.Ett ord på 4 bokstäver: Takk


3. Flicknamn: Trine


4. Pojknamn: Truls


5. Yrke: Tannlege


6. Färg: Turkis


7. Klädesplagg: Truse


8. Mat: Taco


9. Sak i badrummet: Tannkrem


10. Plats/Stad: Tuftaland


11. En orsak att vara sen: Tannverk


12. Något man skriker: Tull


13. Film: Titanic


14. Något man dricker: Te


15. Band: The Beatles


16. Djur:  Tiger


17. Gatunamn:  Tranevegen


18. Bil: Toyota


19. Sång:  Thriller


Dei som får (den tvilsomme) æra av å ta utfordringen er :


Bestemor Drillo ,
Stine dag for dag
Den blå halvkule
Med hjertet 
Primula og mere til 

Og sjølvsagt, gjer det berre om du har lyst....


onsdag 28. oktober 2009

Går det på fram eller ...



På tur lang vegen får eg auga på noko kvitt i vegkanten. 



Kva kan no dette vera ?



Her er det noko som ikkje stemmer....



Hallo maur..... 
Eg trudde de brukte barnåler, og i alle fall naturmaterialer til byggemateriale ?
Kva er det du seier ?
Har de lest så mange interiørblogger...
og blitt påverka !!
Både av kvite trender og gjenbruk seier du.. 
Furu er fysj !
Kvit kantmaling frå vegen er det nye byggematerialet !
Og så er de på jakt etter kvitmaling til å mala furunålene med ja.... 






Godt ikkje all maur bur i vegkanten slik at skule-lærdomen min stemmer, av og til i alle fall ! 


Ha ein fin dag !!

mandag 26. oktober 2009

Klubb....vennskap.




Me er fire damer som har klubb ca. ein gang i månaden.
Formålet med klubben er kun det sosiale. 
Å treffast kan vera vanskeleg i ein travel kvardag.
Klubben sikrer treffpunkt (i alle fall til ein viss grad).
Den handler om vennskap.
Om å dela gode og tunge stunder med kvarandre.
Me kan grina, me kan le. 
Me dele erfaringer .
Me dele litt av livet vårt. 
Av og til er me svært fortrulege .
Andre ganger løyser me verdsproblem.
Me koser oss med god mat og  god prat.
Deler strikke og andre oppskrifter.

Hmmmm
Byrjer ikkje dette å likna mistenkjeleg på



 blogging ! 

 

søndag 25. oktober 2009

Hestetida er over.

Detter er Frida og Bella .
Nordlandshester. 
Bella kom til oss for ca. 3 1/2 år sida. 
Hesteinteressen her i tunet var på topp.
Begge jentene rei kvar sin dag på rideskule i nærleiken.
Arbeidet i stallen vart fordelt mellom far i huset og jentene.
  

Bella var til stor glede.
Ho er ein hest som liker at det skjer noko rundt henne. Glad i å bli ridd og treivst godt på rideskulen i lag med andre hestar. Eg som frå før ingen erfaring hadde med hest, meistra Bella fint. Ikkje riding med meg då, men handtering og leiing.
Jentene meistra Bella svært fint. Begge jentene hadde fin kontroll og lærte seg å ri, både i terreng og på bane.

Frida kom til verda for 1 1/2 år sida.
 

 Stor stas.
Frida er også ein kjekk hest. Lærevillig. Glad i folk.
Dessverre har interessa for hestane vore på sterk retur siste året.
Og etter vanskelige samtaler og vurderinger er beslutningen tatt.
Med tungt hjarte. 
Me må selga hestane .
Me kan ikkje ha to hester som ikkje får dei utfordringane dei har bruk for og fortener .

 
 Nokon som veit om nokon utrulege snille og heste-interesserte folk som vil kjøpa ein av, eller begge hestane ?
Hestane har vore til stor glede for oss og me angrer absolutt ikkje på at me kjøpte hest.  Me har hatt fine opplevingar med dei, jentene har hatt mange meistringsopplevingar, dei har lært om arbeid i stallen og opplevd nærleik til dyr.
Me voner det finns nokon der ute som kan  få nye slike opplevingar med hestane. Hos oss er dei no alt for mykje aleine. 
(Send gjerne mail , om nokon har interesse for dei.) 

Utfordring: Tre ting !



3 ting jeg husker som det var i går:
Då eg vart "forlatt" av mor mi på sjukehuset vel 2 år gamal, skulle trekkja mandlane.  
 Den kvelden eg møtte han som i dag er min kjære mann ! 
Fødslane til mine to jenter.

3 ting jeg misliker:
Negativitet og syting.
Når folk ikkje vil andre vel.
Rot.

3 ting jeg liker godt:
Kjærlighet og omtanke
Natur og friluftsliv. 
Hagearbeid. 

 
3 blogger jeg besøker (omtrent) daglig:
Sjå bloggelista / følgjarane mine.
Det er fleire enn tre....

3 sanger jeg hører på for tiden:
Liker musikk og har mine favoritter men spesielle sanger eg høyrer på.... nei, det vart for vanskelig ! 


3 venner jeg vil sende utfordingen videre til:
Stine dag for dag 
Med hjertet 
Primula og mere til. 


(Og for eigen rekning seier eg : Ta utfordringa om du vil , også greitt om du lar vær !)

 


 


torsdag 22. oktober 2009

Ein skygge av meg sjølv


 Eg veit ein del om å vera ein skugge av seg sjølv.
Om å ikkje ha overskot.
Om å vera utmatta.
Om å ikkje leva det i livet ein kunne ynskja seg.
Om å tilbringa mesteparten av døgnets timer i seng eller på sofaen. 

Er ikkje klar for å sei så mykje om det.
MEN

I fjor på desse tider og fram til for ca. 6veker sida, trudde eg, tenkte eg, at eg aldri kom til å klara å gå til fjells igjen . 
At eg aldri kom til å få sjå den nydlige utsikten frå fjellet bak huset vårt.

MEN
I dag har eg vore der.
Til topps. 
Våt av svette.
Våt av gledes tårer.

I nydleg haustvær.
Solnedgang.
Nydlige farger. 
Det var som fjellet berre ynskte meg velkomen tilbake. 

Ein seier var det og.
Eg har mine plager og symptomer som eg skal læra meg å leva med. 
Men eg er frisk.
Eg har levd meir denne siste månaden , enn det eg har gjort siste året.
Om livet likevel kunne vera godt før:
DET ER FANTASTISK NO. 

 


Dessverre gløymde eg fotoapparatet, så desse solnedgangane er andre kvelder. Har bilder på mobilen, men korleis få dei derfrå og over hit....hmmm det er framleis ei gåte for meg.. men eg veit om ein som kan....
 

onsdag 21. oktober 2009

Nydleg haustdag i hagen


Sol frå blå himmel i dag. Fin temperatur.
Utruleg deilig å vera ute.
Tok mange bilder.
Glimt frå hagen i dag.


 Dette er ei av mine gamle blå keramik-potter, billige i si tid. No er dei spraymala med fleire lag tynt svart. Litt artigt at mønsteret framleis viser med lys farge.


 Pleier å vera ein hosta i krukka til venstre. Ville bare visa murearbeidet til min kjære mann.



Kjem liksom ikkje forbi kinasøten.... 
Sånn ser det ut hos oss i dag.
Håper du også har hatt ein fin dag ! 

Og så til meg då...


Tusen takk til Den blå halvkule for denne awarden. 
Eg kjenner meg akkurat som ein liten unge som har fått sjokolade i belønning....Og eg er altfor glad i sjokolade. Bare så det er sagt !

 Siden eg er ein ganske fersk blogger kan eg jo ikkje visa til laaange bloggevennskap , men til VERDIFULLE bloggevennskap!
Sender awarden vidare til:


mandag 19. oktober 2009

Gamalt finservise


Dette nydlige gamle serviset har no kome i vårt hus.

Nydlig rosemønster. 

 

Også inni koppen er det blomer.

Fatet har også rosemønster,
med gullkant rundt.

Fløytemugge 

Koppen.

Nydlig arvegods som det no er opp til oss å ta vare på.
Ligg an til litt oppvask for hand her !! 

fredag 16. oktober 2009

Familiens midtpunkt.


Kven kan no detta vera ?

Snute, værhår og mjuke poter...
Sjølvsagt er det katten vår.

 Han er det sjølvsagte midtpunktet i familien.
Han har alltid hevda det sjølv.
No ser me at det er slik. 

Slik som katten alltid har sagt.
Han tek plass i sofa og stol, med den største sjølfølge.
Han er sjefen. Inne.


Ute .
Kven var det som skulle sitja der på eit sitteunderlag og nyta hausthagen ? 
Var det katten ? 
Ikkje i utgangspunket nei. 
Men han tar sin plass. 
Han er jo sjefen !

 
 Når mor har lagt sitt nyhekla teppe på golvet for å studera det litt, er det sjølvsagt for katten at det ligg der for at han skal tørka seg på det, der han kjem våt inn frå regnet.

Eller det nye teppet på golvet.
Sjølvsagt er det kjøpt inn for at han skal ha noko å kvessa klørne på !
Ja, kva ellers ? 


Er me ute er han gjerne der me er.
Sånn i nærheten.
Kom gjerne å ta meg, seier han.
Liker nemlig godt å springa frå oss.

Andre gonger vil han ha fred.

Ein gang fann han ut at dette skapet kunne han sova i. Smetter gjerne inn i diverse skap og hyller.
Vil ha fred til å sova då. 
Har hendt me ikkje har funne han sjølv om me veit han er inne! 


Ute vert han skarp i blikket.
Jaktinstinkt.
Ikkje musetrøbbel her lenger.
Insekt og fugler (dessverre) er like interessant. 
 
Han er høgt elska av oss alle.
Finn seg i kos og klapp, er avslappa og god kosepus.
Visste ikkje eg at katter var så kjekke dyr.

Diverre går eg no og kjenner på noko allergi.
Er så redd det skal vera katten. 

Med kosen kattehelsing frå Rampus og matmor.
GOD HELG !  

onsdag 14. oktober 2009

Oktoberhagen

Her er det ikkje slutt på hagesesongen... Med varm kjeledress, ullhansker inni arbeidshanskane , har eg no to kvelder på rad vore ute og rydda i beda mine. 



 Det har vore fint vær og sola har vore framme. Fann min favoritt Aurikkel i blomst. Litt matt i fargen men veldig fin.



Denne aurikkelen står visst og lurer på om han skal blomstre. Er redd den er for seint ute.



Denne primulaen står også med enkelte blomer. 

 

 

 Har enno meir som kunne vore kjekt å nå over....Eg synest nesten ugraset veks heile året her hos oss eg !! 
Kinasøten må eg berre ha med.

 

Den er så nydlig med sine blåe og kvite striper. Her ser det ut som den fanger lyset oppi blomen.



Ein roseknopp.....



Og litt fleire roseknopper...
Storkenebb i fine haustfarger.
 


Joda, det er fint å vera i hagen også i oktober ! 

 

Alle bileta er ikkje like god kvalitet på, og slik er det også med blomane i oktober månad !
(hmmmm kva skal eg skulda på i mai.....haha)

Oktoberhagehelsing frå meg.