og tid for refleksjon kanskje ?
Kva har fungert godt i år og kva skal eg gjera noko med neste år ?
I byrjinga på juli kom eg over desse grasplantene og det førte til fem grasplanter som no ser slik ut:
Graset har vakse veldig og er flott å sjå til. Samanplanting med hosta kan nok bli fint trur eg, men den vesle stauda som eg trudde skulle klatra på rota og få oransje blomer....må nok gjerne flyttast.
Når sant skal seiast er det mange dager sida dette siste bilete vart tatt. Etter ei veke med feber og vond hals.... er eg endeleg kvitt feberen men mangler stemme. Reint helsemessig har ikkje sommaren vore god for meg, formen kunne absolutt vore betre. Reint fysisk håper eg altså på ein ny "vår" slik at eg kan få gjort noko av det eg ikkje har klart i sommer. Hagen har starta hausten føler eg. Enno mykje att å gjera før eg treng ta vinter.
Eg håper enno på fint hagevær ei stund slik at eg får reflektert rundt mine hageprosjekt... for det gjer eg
best med fingrane i jorda, eller på ein stein i hagen. Eg ynskjer å få vekk alt ugraset som har spirt.... veit det blir kjekkast til våren då. Eg har store planer for kjøkkenhagen.... Ajajaj
Og fine haustdager er også flotte dager.
Takk for inspirasjon gjennom blogger eg besøkjer og kommentarer og besøk på min blogg. Nye følgjarar eg svært velkomne, om eg ikkje alt har vore på besøk hos deg så kjem eg nok !!
Med ynskje om ei god veka til doke alle !!
