fredag 13. november 2009

IKEA fredag 13.

Yngste dotter på tolv år har tilbrakt dei to siste månadane på madrass på golvet... Ho var lei av si halvhøge seng og solgte den for å få penger til ny. No har me studert på senger på nettet....
Mor fann ei fin seng på Skeidar,romantisk, kvit, kan brukast som sofaseng , ikkje så dominerande, ville passa fint inn på hennes rom,men neida... Sjefen, altså dotter mi, likte ikkje den senga så godt. Og i akkurat dette tilfellet får yngste dotter vera sjef. Det er jo hennar seng det gjeld, i stor grad hennar penger og, til ei forandring ! På nettsidene til Ikea fann ho senga ho ville ha, Malm -enkeltseng i kvitt !! Sjekka mål, ja dette skulle få plass i Volvon.
Ok. Skulefri fredag. Her er det berre å rykkja ut og få senga i hus.
Tidleg opp, i alle fall tidleg nok når me kunne ha sove lenge... Ferje, plukka opp mor/mormor, og la ut mot Ikea. Framme elleve saman med ein del andre folk... men ikkje for mange heldigvis ! 
Etter å ha gått gjennom sofaer, kontorer, tv møbler, benker,hyller , kjøkken....og diverse andre freistande ting kom me fram til senga.
Og litla jenta mi sitt ansikt endra karakter... å var det sånn senga såg ut.... den var ikkje fin !! Alt for lav. Ho gjekk rundt og rusla litt og fann ei anna ho likte, og vips så var handelen gjort, inkludert ekstra møbler frå mormor !! Så var det ein del på sjølvbetjening og resten på Nyborg. Dvs. må i bil for å henta varene. Etter litt kose-shopping var det retning Nyborg for å henta senga. Ingen kø...jippi... men kva er det no me skal ha med oss heim ! Det var litt stort ja..... For ho mor hadde jo ikkje tenkt på å få sjekka måla på pakkane på den sist valgte senga.  Jaja me får prøva !
Kan trygt skriva under på at ho mor sitt stressnivå auka , mykje. Dette er mitt handle-mareritt !! Å stå der på plassen, og stabla ....pusla, ut og inn igjen, litt meir til høgre eller venstre.....Og så byrja det sjølvsagt å regna.... Pakka ut og sjå om det stabler seg betre..... Skulle vore filma veit du ! Noko eg verkleg håper det ikkje blei.... 
For den som køyrde derfra uten å få igjen bakluka på bilen, med dårleg sikra last, med ei dotter som satt i vinkel, og ei mormor som ikkje hadde plass til beina... Det var meg !! Men alt og alle var i bilen ! Eg køyrde fint og roleg og er no vel heima.... Min kjære mann sa : "Det gjekk jo bra" og er sjeleglad for at han slepp rykkja ut med lånt bil og kasta bort lørdagen for å henta seng.....
 Ikea er klart kjekkast når ein ikkje skal handla store ting, eg klarer jo fint å fylla bilen likevel !!!

 Og så ser eg no, vel heime, at det er fredag den trettande i dag. Kanskje eg bør prisa meg lukkeleg for at det trass alt gjekk bra !!
GOD HELG !! 

6 kommentarer:

krepsemor sa...

Synes jeg kjenner det stressnivået, og skulle gjerne sett dere på hjemturen i diverse stillinger! Flott at det gikk bra da, og at jenta ble fornøyd! Kan jo ikke ligge på gulvet heller ;o) Fredag den trettende, ja! Jeg kjørte nesten 20 mil i går, for ungene skulle til far sin i helgen, men det gikk jo bra det også! Ha en fin helg!

Havfruen sa...

hehe...ah...jeg kjenner stressnivået der. Men måtte le:) Enda bra du fikk med 12-åring og mormor, samt alle pakkenellikene hjem.
Ha en flott lørdag og klem fra meg:)

Hanne sa...

Her måtte jeg le litt, og jeg kjenner at dette kunne vært meg, med stresset og hele pakka. Jeg liker Ikea best tidlig om morgenen eller i middagstida, for da er det minst folk. Jeg er ikke noe butikkmenneske og blir utrolig fort lei.

Når jeg skal kjøpe meg klær, så må jeg helst se det jeg vil ha med en gang jeg kommer inn i butikken, ellers er løpet kjørt. Jeg er håpløs.

Godt at dere kom velberget hjem igjen, og nu kan du nyte kvelden og kose deg.

Klem fra meg.

Mariann sa...

Godt at dere kom dere velberget hjem med varer og det hele. Håper datteren blir fornøyd med sin nye seng.

Mia sa...

Synes det høres en aldri så liten gnutta kjent ut ;) men, IKEA er Ikea.. god du kom deg hjem, med seng og det hela :)

Bestemor Drillo sa...

Sukk!! Ikea ja. Jeg kan ikke gå inn der uten å komme ut ned noe jeg strengt tatt ikke behøver, men du så koselig det kan være!
I hvertfall for oss damer! Ha en fin Helg!