torsdag 12. november 2009

Lyseblå...



Eit lite glimt frå stova slik det såg ut i mai i år.
Servise er ein arv etter fasta til min mann.
Nydlege farger  og mønster synest eg .
Duken bakerst på bilete er etter farmor mi. 
Den er ganske tynnslitt , har sånn sjarm .
Sølvbrettet (nysølv) er etter Mormor og Bessen, og også dei små bretta som kubbalyset står på .



Blomane er rester frå konfirmasjonen me hadde i mai.
Nedanfor er blomane plassert i sølvpokalane etter Bessen min, han vant dei i roing !! Trur kanskje ikkje han hadde tenkt at dei skulle enda med blomar i , i min heim.... 
 

Kjøpmannsbenken det heile står på er på veg ut. Det siste innslaget som framleis er furufarga i stova mi....

 I morgon står Ikea Åsane på planen. Ny seng skal i hus. Likte best den dei hadde på Skeidar her på øya eg,men min tolv-åring er av ei anna meining... Eit stykke å reisa, men må få det gjort no !!
Ha ein fin fredag alle !!



3 kommentarer:

MajorogMeg sa...

Så flotte ting du viser. Slike gamle ting vi har fått og arvet får en spesiell plass hos oss. Min kjøpmannsdisk var det siste av furu som forlot heimen min også. Hadde vondt for å kvitte meg med den. Den rommet så mye:) Så fikk vi tatt en skikkelig opprydding:)
Lykke til med sengekjøp:)
Ha en flott fredag og klem fra meg:)

Bestemor Drillo sa...

Her var det mange fine gamle ting !
Pussig, men vi har også vært og bestilt seng i dag,med motor!!!! Lykke til med sengekjøp ;)
Ha en fin helg!

Mia sa...

Så kul med gamla arvegods och pokalerna var ju finfina blomstervaser. IKEA er da ikke det tristeste stedet en kan besøke så om enn langt kan det bli hyggelig :)