Viser innlegg med etiketten Friluftsliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Friluftsliv. Vis alle innlegg

onsdag 19. januar 2011

Svanesjøen

 Desse søte svanene kom svømmande mot meg då eg gjekk tur til sjøen her ein dag.
 Dei snakka litt med kvarande og såg med forventningsfulle blikk på meg: Har ho ikkje med seg noko godt til oss ?
Men ikkje visste eg at eg skulle møta desse to. Dei snudde ryggen til meg på jakt etter anna bytte.
 

lørdag 15. januar 2011

Tid og tann.







Av og til må eg minna meg sjølv på at tur er min medisin. Det handler om å finna ro. Vera til stades her og no. Å ha fotoapparatet med hjelper meg med det.
Dette gjerdet prega av "tidens tann" var denne dagens inspirasjon.
Ha ei go`helg !!

tirsdag 28. desember 2010

To og firbeinte i snø.

Høgt opp i lia, der veit je et sted.
Det snør og det snør.
ja det snør nesten ned......
Nei, akkurat sånn at me snør ned er det vel ikkje. 
Me har fått så mykje at me faktisk synest me har fått bra med snø og me nyter det.



 Fuglane får godt med mat på både vanlege og uvanlege stader.
Mest vanleg er forskjellige meise-arter. Stas då dompappen tok ein tur. Nøtteskriker er faste gjester. Trasten set stor pris på epla. Artigst var likevel grønnspetta som kom og hakka i den store meisekula som han far i huset har laga. Her foreviga i stolpen nedanfor.



Snøen, sola og finværet nyter me alle saman.


mandag 1. november 2010

Trær.

Trær.
Tenk så mange forskjellige trær vi har.
 Farge og form.
Store og små.
Og nokon med mose på.



søndag 31. oktober 2010

...siste løvetann ?

Til trass for tidleg snø her i år :

Bilete er tatt i dag !!

mandag 11. oktober 2010

torsdag 15. juli 2010

Sjøliv

I går vart det så fint vær at me valgte vekk arbeidsoppgåver og kom oss ut i båt. På hytta til mi tante og onkel henta me yngstejenta vår.
Ho bygde båt, den måtte prøvast og det endte med bading.
I fjæra var det andre som bada.


Ein liten krabbekrølle. Pirrer i gode barndomsminner.
Og ei sjøplante kom også opp over vatnet.

Flotte farger synest eg.
På vegen tilbake hadde frøkna vår jobben med å kikka etter stein i grunne sund.
Skjærgården utforbi oss byr på over 300 øyer og holmer. Med liten båt er det artigt å gå stader der store båter ikkje kan gå.
 Ut mot havet fiska me litt.
Dette vesenet, ein Horngjel (trur me) , fekk me på kroken. Den fekk sleppa fri. Det vart ingen fiskemiddag denne kvelden.
 Så er me heime igjen. oppe i lia ligg huset vårt.
Herleg med ein tur på sjøen !!

søndag 4. april 2010

Kusommer !!

Vinden var heller sur og kald i dag.
Men ut på tur gjekk me. 
I lune lier dukka dette flotte vårteiknet opp.


tirsdag 23. februar 2010

På ski i sol og måneskinn.

No kose eg meg her i stova. God varme frå vedfyring.  God skjeva og varm kakao.
Får slik ei go`kjensle når eg har vore ute på ski, kaldt og godt, og så inn i varmen igjen. Det er berre å nyta. Og det gjer eg !! På tv-en er det også nokon som går på ski. Trur ikkje dei nyter ski-turen slik eg gjorde !!

 
 Siste dagane har det kome eit godt lag med nysnø til oss. Så var det snø-føre igjen på heimebane. Turen gjekk over beiter, bakker og gjennom skog.

På vår skitur, der tre fjerde-deler av familien var med, var det ingen som konkurrerte. Nei, her var det tid til både å ta bileter, prata litt, sjå litt, ja rett og slett ha det fint saman. 


Han far laga spor (og det låg det mykje kjærlighet i, sa han), me andre fulgte etter !! Kunne vore bruk for både "brakasaks" og sag her og der, men me kom oss no fram på eit vis. Turen starta i solnedgang og enda i måneskinn !!
Ute på bakkane igjen skein månen såpass at han kasta skygger, men som de ser av dette siste bilde, vart det vanskeleg å få på bilete. Men artigt var det.
Ja, eg har bestemt meg. Lengten etter vår ligg hos meg og, Men eg skal gjera alt eg kan for å nyta vinteren, kulden og snøen !!!
Så fortsatt gode vinterdager til alle der ute !!!

mandag 22. februar 2010

Det sner og sner du......

Ja mer og mer du !
Det er så morsomt , HURRA !!
Det sang me i barnehagen då eg arbeidde der.....
Og no kom den fram i minnet i eit forsøk på å halda humøret oppe i snøværet.
Snøen gir rikelig med mulighet for skiglede i fjellet.
Sola varma ikkje denne dagen på Kvamskogen. Men ein fin tur hadde me. På veg heim kom me over desse kunstverka forma av naturen sjølv.
 
 
Dette synest eg er flott !!
Og vakkert er det med snø og.
Så får me prøva å nyta det medan me lengter etter vår.