tirsdag 23. februar 2010

På ski i sol og måneskinn.

No kose eg meg her i stova. God varme frå vedfyring.  God skjeva og varm kakao.
Får slik ei go`kjensle når eg har vore ute på ski, kaldt og godt, og så inn i varmen igjen. Det er berre å nyta. Og det gjer eg !! På tv-en er det også nokon som går på ski. Trur ikkje dei nyter ski-turen slik eg gjorde !!

 
 Siste dagane har det kome eit godt lag med nysnø til oss. Så var det snø-føre igjen på heimebane. Turen gjekk over beiter, bakker og gjennom skog.

På vår skitur, der tre fjerde-deler av familien var med, var det ingen som konkurrerte. Nei, her var det tid til både å ta bileter, prata litt, sjå litt, ja rett og slett ha det fint saman. 


Han far laga spor (og det låg det mykje kjærlighet i, sa han), me andre fulgte etter !! Kunne vore bruk for både "brakasaks" og sag her og der, men me kom oss no fram på eit vis. Turen starta i solnedgang og enda i måneskinn !!
Ute på bakkane igjen skein månen såpass at han kasta skygger, men som de ser av dette siste bilde, vart det vanskeleg å få på bilete. Men artigt var det.
Ja, eg har bestemt meg. Lengten etter vår ligg hos meg og, Men eg skal gjera alt eg kan for å nyta vinteren, kulden og snøen !!!
Så fortsatt gode vinterdager til alle der ute !!!

4 kommentarer:

Mia sa...

Låter som en spännande månskemnspromenad, på skidor. Allt efter sesongen . Tycker nog varje årstid har sin charm, men längtar lite efter att kunna gå barfota.. Hade vi inte haft all snö nu så hade det varit väldigt mörkt och trist ute, grönskan dröjer ju i varje fall till ut i maj. Man har en tendens till att glömma det. Nej, februari är snö, så bara njut du :)

Cecilie sa...

Flotte bilder! Fra en nydelig tur! Fint sagt av far - så sant, så sant. :)

Ha en fin dag!
Hadde håper på barnapass i dag, så jeg kan ta meg en skitur. :)

Klem, cecilie

Ramme alvor sa...

For ein herleg tur, kjenner stemningen heilt inn her eg sit :)

Bestemor Drillo sa...

For noen vakre bilder med god stemning i !
Vinteren holder grepet ja! Minus 20 her i dag, men våren kommer ikke fortere fordi om vi sutrer over den adri så mye;))Klem!