Viser innlegg med etiketten mars 2012. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mars 2012. Vis alle innlegg

lørdag 31. mars 2012

Grønnsaker og urter.....og bilder.






Ha !! Etter ei natt kom løysinga på bildeproblemet mitt !! Med å bruka picasa nettalbum var jo linken der så no kjem det innlegget eg hadde tenkt å laga i går...... Sånn nesten i alle fall !!

Godt formolda og "moden" kompostmold , både kjøpt og frå eigne kompostdunker er no fordelt i kassane.  Mykje fin mold å så i !! I år blir det mest frø planta rett i kassane og ikkje kålplanter til sommerfugl-larvane.....

 Fiberduk og bark er på plass. Fiberduken skal fjernast litt her og der , men synest det er greitt at barken har sett seg litt før eg gjer det.

I dei første kassane på bilde nedanfor er det alt planter. Det er mine urte - planter.

Fleire av dei er alt byrja veksa. Løpstikke, bergmynte, annan mynte og grasløk er i alle fall på veg. No er kunsten og bli flink å bruka urtene . Litteratur som er kjøpt inn og lest i vinter, må nok fram igjen . Har lova meg sjølv at eg for det meste skal ha urter som eg også bruker.


 Våren er på full fart i resten av hagen og. Har fått lite gjort der fordi eg har konsentrert meg om kjøkkenhagen. 

Slike primula-tuer og kuleprimula som ein ser bak til høgre har eg spreidd overalt i hagen. Dei er lett å få til og er flotte å sjå på. Dette er planter eg har fått, delt og mange har igjen fått hos meg.

 Ein eller annan narciss på veg, og også hyasinter . Siste sette eg ned i haust.

Og siste bilde i dag er ?? 
Er det Forglem-meg-ei søster ?? Har fått denne og er veldig usikker på navn. Svært kjekk vårplante som også blømer utover mot sommaren. Blader og blomer veks seg store saman. 

I dag vakna me til eit tynt lag med snø. Men no skin sola og den snøen er nok snart historie !!
 Ynskjer alle ei fin palmehelg !!

lørdag 10. mars 2012

Juleroser og påskeliljer....


 Denne tua med juleroser er den eg har hatt lengst, og denne ser eg innefrå. Litt kjekt det veit de. Her ein dag la eg merke til at det var blitt så rosa der ute. Ser ut som dei gamle blomane blir rosa ??
Blomane held seg ikkje så veldig fine der ute mellom buskane, men trivselen er visst bra.

 Me feira 18 årsdag her i huset for 14 dager sida. Tenkte det var litt tidleg å pynta ute men det har visst gått bra. Det er tantungen min på 10 år som har pynta potta og som heilt av seg sjølv skjønte at mosen måtte leggast fint rundt blomane. Tante er mektig imponert og svært fornøyd. 

Siste veka har fleire nye "ansikt" kommentert hos meg. Blir veldig glad for alle kommentarer fra både nye og sjølvsagt gamle trufaste bloggevener. Ha ein fin søndag !!

fredag 9. mars 2012

Våt fredag.

Godt at torsdagen vart brukt ute !!
Etter nokre timer i hagen kom eg enno eit hakk lenger .



Den næraste delen av steinmuren er murt i løpet av dei siste dagane. Steinane blir henta på beite som er ved sida av. Muren er ikkje rett, heller ikkje sirlig mura, men eg har gjort det sjølv og er godt fornøyd . Synest den ser ut som gamle steingarder og det liker eg !!




No mangler det mold. Har også ein plan om å legga markduk og bark mellom muren og pallekarm-kassane mine. Det er vel kanskje det viktigaste i forhold til å halda ugraset på eit minimum.  Kunne tenkt meg singel men sidan eg ikkje veit om dette vil forbli slik er det lettare å grava bark nedi molda igjen og få den "store" åkeren på plass igjen om det blir aktuelt. 


I denne høgre delen skal det dyrkast grønsaker. Ukjend kva slag enno, men ved gjerde skal det plantast sukker-erter som er eit ynskje frå yngste jenta vår (på 14 år...hehe)




I denne delen av hagen kan de kanskje sjå at urtene mine alt er på plass. Her må det meir mold til og kanskje nokre fleire urter og ??  
Har planer om å beholda urter som eg bruker så no blir det spennande å sjå om og kva som blir brukt ?




Som de ser har eg selskap når eg er ute og arbeider i hagen. Katten Rampus og hunden Happy er med. Desse to som var i krig med kvarandre har no glede av kvarandre sitt selskap. Dei spelar seg med kvarandre men kan vel ikkje seiast å vera bestevenner !!
I dag auser regnet ned og for litt sida var det også eit torebrak. Fint vær å sitja inne i og vera nøgd med arbeid som er gjort !! Ynskjer alle mine bloggevener ei riktig god helg :)

onsdag 7. mars 2012

Arbeidshansker med ull og vår !!

Utruleg at det kvar vår kjennest såå godt å ha fingrane i mold igjen.....sjølv om det er med arbeidshansker, med ull-hansker inni !!


Etter å ha vore litt bortreist forrige veka kom eg heim til ganske så bra med krokus-spiring og denne samanplantingen (hehe) med vårlyng Erica og snøklokker....



Krokusen må vera ein av dei mest trufast løk-plantene som finnst. Her hos meg kjem den igjen år etter år. Denne lilla sorten kjem nok frå svigermor sin hage og den er særs trufast !!



Denne limegrønne julerosa ser betre og betre ut. Stilig med den lilla kanten på blomen. ganske kjekt å få blom etter to år utan !!


Denne primulaen er også fast tidleg gjest, og den blir ei god stund utover våren. Fekk ei tua av ei veninna , no har eg mange tuer med denne.


Trollhasselen lyser fint opp. Alle desse plantene er i bedet ved inngangen. Der blir dei sett kvar gang me går ut og inn. 

Ein annan liten ven fann eg i eit anna bed.


Desse anemonene er eg så glad i . Dessverre er dei langt frå så trufaste som krokusane. Satte ned nye i haust men ser ikkje så mange enno. Håper dei kjem etter kvart !!

I dag er det storm ute og fint vær å vera inne i. Endeleg eit blogg-innlegg frå meg igjen.  Ynskjer alle gode vårdager framover !!