onsdag 30. desember 2009

Desemberhagen.


Det har ikkje vore blogga frå hagen i desember. Fulgte godt med ute heilt til krysantemumen,som blomstra så seint, takka for seg når det kom nokre frostnetter i byrjinga av månaden.


 Slik såg den ut når frosten kom. No er den stort sett dekka av snø, men litt stakk opp, for å visa seg fram i desember og kanskje.....


 Denne rosa kom også frosten og tok. Men den kjemper i mot, med "nebb og klør", har enno grønnfargen.....



 Japan-kristornen min har fått vinterhatten på. Seg sjølv har han pynta med diamanter......



 Her er ein til som har pynta seg med hatt og diamanter.

Sommerfuglbusken har takka for seg . Å pynta seg i sol-lyset er neimen ikkje dumt.
I morgon er siste dag i året.
Tid for etter-tanke.
Tid for å starta på nytt.
Takk til deg som blogger og kommenterer. Du bidreg til at dagane mine vert kjekkare. Eg ser fram til kvar kommentar, og er du der ikkje så sakner eg deg !! Tusen takk.
Me snakkast i det nye året. Ha ei fin feiring alle !!!

 
 

tirsdag 29. desember 2009

Jula, ikkje berre nisser ??

For meg er ikkje jula berre fri, pakker, god mat, nisser , MEN jula er for meg ei viktig kristen høgtid.
Julekrubba har difor ein sentral plass, og eit viktig innhald.
 


 
 
Engelen kom med bud om Frelsaren som skulle fødast . Tidleg forstod yngstejenta mi at Jesusbarnet ikkje skulle fødast før julekvelden.
Det førte til at ho eit år gøymde bort Jesus-barnet i krubba. Ho meinte at Han ikkje skulle på plass før julekvelden !!



Julekvelden kom. Men Jesus-barnet var borte vekk !! Ingen fødsel hos oss den julekvelden. Jesus-barnet var gøymt så godt at Han faktisk aldri er komen til rette. 


Dei tre vise menn, gjetarane er representerte men hovudpersonern, Jesus sjølv, er borte. 

I vår julekrubba har det "rette" Jesus-barnet fått vikar. No har Han vore med oss så mange år at me må vel kunne sei at Han er fast tilsett !!
 

Heldigvis har ikkje dette noko å sei for vår julefeiring og vår tru på Jesu fødsel. Den er forankra ein annan stad !!



Nisseskogen



På kjøpmannsbenken  i stova har me kvart år laga nisseskog. Jentene har vore med sidan dei var ganske små. Dei siste åra er det jentene som har gjort det meste. Eg får laga skog og skogbunn.

 I år har me laga stort vatn med is (folie) på midt i skogen. Der står også dette "juletreet". Ser de godt etter så er smånissane ute og skeiser. Nokon held seg på beina medan andre har ramla.

 


Gode romjulsynskje frå nissane i nisseskogen !!! 

lørdag 26. desember 2009

God jul alle saman !!

 Håper de alle nyter gode juledager saman me familie og venner.

Her har me nytt fleire måltid alt, og som dotter mi sa i stad "No orker eg ikkje meir mat ".
I dag har me også kost oss ute i snøen og igjen hatt fyr på eldstaden i Eldhuset.



Men i morgon skal me i nytt juleselskap. 
Då får me håpa magane våre er klar for ny påfyll.
Riktig god jul til alle !! 

tirsdag 22. desember 2009

Seige figurer.




Yngste dotter mi har laga deilige julete seige-figurer !!! 



Alt for gode... snart ingen igjen !! 

mandag 21. desember 2009

Jul i eldhuset.



Her på garden har me eit gamalt eldhus. Det har i si tid vore brukt til å baka i, vaska klede, gjera opp dyr til matauk osb. 
Seinaste tida har det mest vore eit rom der ein set bort ting og tang.
Me har alltid hatt eit ynskje om at dette sjarmerande vesle bygget skulle brukast til noko. Me har ved eit par høve spidda pølser i grua , men no gjekk me til verket. No er eldhuset er rydda, støvsugd og pynta til jul. 
For første gang har me invitert til førjulskaffikos med naboane våre. Sytten personer, trangt om plassen, men der det er hjarterom er det husrom seiest det !!


 I ei snøkava kom selskapet, for å varma seg i eldhuset som me hadde varma opp til ca.2 grader !! Etter ein time var det 5 grader i det uisolerte huset. Men me kosa oss med julakjeks, snop, kaffi,kakao, julesang og drøs (småprat) mellom naboane.


Eg hadde kost meg med å pynta. Plukka inn ein del grønt og plassert litt rundtom, saman med både nisser, mus og engler. Utemøblane våre fungerte også i denne samanhengen.


 I dag har me ete julagraut med mandel i, i same huset.Koslige stund. Men meir røyk i dag ! Så me måtte lufta litt innimellom..... 

Litt travel helg, men veldig kjekt å ha gjort dette for både naboer og familie. Herlig å ha overskudd til det !! 

fredag 18. desember 2009

og raudare vert det.....


Litt meir julepynting i kveld.
Innebileter, mørkt ute, kvaliteten er ikkje veldig god.
Gir no likevel eit inntrykk av noko av det eg har halde på med ! 


Nissane i lerkegran greinene er frå min barndom. Nissen til venstre fekk min mann då han var liten gut. 



Desse har eg også samla på sida eg var lita jente og fekk overta noko julepynt frå mor sin kasse....



Forløparen til dagens bokstavmote eller....... 

 

Nye engler i gamal hylle. Synest dei kler kvarandre ! 

 

I vindauga er julekrubba komen på plass.
Den vil eg fortelja meir om ein annan dag !! 

 

torsdag 17. desember 2009

Førjulsbakekos !!


Trur det er første gang at eg lager eit innlegg utan bilete eg sjølv har tatt !! Trur nok jentene mine blir litt inspirert av blogge.bileta til ho mor. Synest det er artigt....
Men det var no baking det  skulle handla om.

Med ei mor som byrjer nysa og renna i nasa når kveitemjølet byrjer å sveva i lufta er det ikkje all baking som er like kjekk, for ho mor altså.. Heldigvis går jentene i gang på eiga hand no (har stått på kjøkkenet med dei før, med munnbind....)


Her vart det både pepperkakehus, pepperkakehjerter, vanlege pepperkaker, mørkhuda pepperkaker (som ikkje gjekk an å eta....)

 Eldste dotter mi laga huset aleine i år. Kjempeflink...

Non-stop pynt må til....

 Desse hjarta skulle hengast opp var planen..... men hmmmm Gløymde å laga hol i dei.... Yngste dotter gjekk og fann streng (det har jo mor i sakene sine) og laga hol. Det fungerte. Og mor blei litt imponert !!! 
Og til slutt... noko som kanskje gleda mest : Kjøkkenet var heilt ryddig etterpå !!!
God baking til alle de som driv med det !! 

onsdag 16. desember 2009

Lilla og lys i førjulstida

 
Her går det i førjulsaktiviteter for tida.
Me koser oss på forskjellig vis. 
Lys er viktig. Det skaper ro, god stemning.
Levande lys, julebarne-tv, nokre julekjeks. 
Gode pusterom i ei travel men trivlig førjulstid.
 
Levande lys.
Elektriske lys. 
Begge deler bidrar til god stemningsbelysning.
 
Lørdag sat jentene og eg i fleire timar og pakka inn og 
merka julegåver.
Det var også ei koslig stund.

Eg bruker mykje lilla i førjulstida, medan raudt snik seg inn meir og meir no når me nærmer oss jul.
Til og med kvelds-sola bidrog med lilla her ein kveld.


 

Har vore litt borte frå bloggen min no. Mista litt piffen då dotter mi, som bruker samme pc, innstalerte Picasa. Det skapte trøbbel i mine blogge-bilde rutiner og eg fann ikkje heilt ut av det. Ser at picasa gir gode muligheter for bilderedigering,kan tenka meg å behalda det men finn ikkje heilt ut av korleis, enno.....
Kjem nok snart tilbake no.
Ha det godt.