mandag 7. september 2009

Vekestart

Mandag... det regner med store bokstaver i dag !  Slike dager blir det nok mange av framover, slik er hausten på Vestlandet. Innimellom skin sola , det vert tørt, slike dager set eg stor pris på, dei blir ekstra verdfulle dei, der innimellom regnet. 

Sit i stova, levande lys rundt meg, frukost-tv, frukosten er inntatt. Høyrer regnet mot huset.I dag er ein spanande dag for meg. Eg skal reisa på eit eit opplegg der eg skal læra noko om korleis eg skal jobba med trøttleiken min. Eg gler meg, eg er spent, eg håper sånn at eg får noko ut av det. Kan bli rolig på bloggen dei næraste dagane. Mulig dataen blir med , men veit ikkje noko om nett-tilgang.  Ha det bra så lenge...

Tullik

Ingen kommentarer: