torsdag 10. september 2009

Borte bra, heime best !


Så var eg heime igjen. Kjempekjekt og nyttig opphold. No gler eg meg til å leva !  

Sjå denne takløken. Den klorer seg fast i berget, har nesten ikkje mold. Den veks , og breier seg utover og pynter opp i gråfargen. Synest den har eit nydlig mønster, også fin med dei mørke tuppane.  Denne planta klarer seg med lite , og gir så mykje glede.

God kveld til doke som stikker innom. No går eg ut. Me held på å rydda i eld-huset. Det skal nemlig brukast til å laga ein film om slakting i "gamle" dager. Litt artigt.

Tullik

Ingen kommentarer: