søndag 6. september 2009

Julekuler etter jul.....


Slik var det i stova vår ein kvit vinterdag i år. Kvite vinterdager er det ikkje for mange av her i ytre strøk på Vestlandet. Når eg rydda vekk julepynten kjente eg at dei gamle julakulene etter mormor godt kunne få vera framme ei stund til. Dei er så fine synest. Eg laga då denne dekorasjonen på eit gamalt slitt nysølv brett også etter mormor.

På brettet er kvite kubbalys (levande lys må til !) på heklabrikke. Ein av steinane som frøkna vår på 11 drar i hus. Sølvgrå mosegrodde greiner , som mor drar i hus. Og så sjølvsagt dei nydlige julekulene. Liker godt denne kontrasten mellom "fin" pynt og naturmaterialer. Brettet står på ei gammal kiste etter farmor mi. Den er malt med såkalt vestlandsmaling (trur eg),  og det står malt "Aar 1889" på framsida. Den blanke lykta er det husbonden som har kjøpt ( hans første og førebels siste innkjøp av "pynteting".....) Også den, som er moderne i stilen skaper fin kontrast til det bonderomantiske representert ved kista.

 Det var eit første glimt inn i stova vår. Pynten ser nok ikkje akkurat sånn ut lenger... Nei, for eg høyrer nok til blant dei som liker å flytte om på ting med jamne mellomrom.  Så dagens pynt må fotograferast før eg kan visa det fram.

Ellers god søndag til dei som kikker innom i .  Sola er framme. Nyt den de som kan.

Tullik



Ingen kommentarer: