fredag 9. oktober 2009

Krydder i tilværet.

I dag har eg vore hos frisøren. Det liker eg godt. Ho spør meg om eg vil vaska håret... Ja det vil eg jo. Halve frisørtimen er for meg å bli vaska, litt massert i hodebunnen.... tørka og gnidd litt. Nyter den stunda i vasken eg ! Frisøren seier at folk er forskjellige, nokon vil absolutt ikkje det !!

 

Ja, det er fint at me er forskjellige ! Det er fint at me meiner forskjellig og. At me trur forskjellig . Ser forskjellig ut, har det forskjellig i huset. 



  
Forskjellighet skaper krydder i tilværet. Kvardags-spenning.



Det er ikkje fint når nokon går rundt og trur at det dei trur og synest, er det einaste rette både for dei sjølve og for alle andre.
Det gjeld på så mange områder i livet. 



Når nokon seier kva som er rett og gale i hagen, i huset, klær...Tenk så kjedlig det hadde vore om me alle fulgte nokre regler for korleis alt skulle sjå ut ?




Å tru på noko er viktig for mange. Nokon av oss trur på Gud, andre trur på andre gudar. Nokon vil ikkje tru på noko... men på eit vis trur dei vel då at det ikkje finst ein Gud..... Å tru er å ikkje vita... Når me ikkje veit....Kva då ? Korleis opptrer me då ?




Mitt ynskje for menneske-slekta er at me ikkje skal vera så oppteken av å ha rett eller gale.  Kan me ikkje heller vera oppteken av å vera gode menneske for kvarandre ?
 Vera audmjuke for kva andre trur ?
Syna respekt og nestekjærleik ? 

Ja, det var mine ynskjer på ein ganske vanleg fredag. 



God helg til alle ! 

2 kommentarer:

Bestemor Drillo sa...

Dette var gode tanker å ta med seg inn i helga!

Ha ei fin helg;) Klem !

Troen og Haapet sa...

Hei!
Det fine med å blogge, er jo nettopp¨å kunne skrive ned sine tanker..nesten som en dagbok..og dette var jammen gode tanker for menneskeheten!..og tenk om det kunne vært så enkelt!
Ønsker deg en riktig god helg og takker så mye for at du ville dele dine tanker;)
PS! Så kreative barn du har i huset ditt;)