lørdag 3. oktober 2009

Gjester i åkeren

I år har eg ikkje vore den einaste som har vore interessert i min vesle åkerflekk. Det kan jo vera veldig kjekt det å ha nokon med felles interesse,men det kan jo vera greitt å ha eit felles mål også då. Eg ynskjer jo at det skal bli noko me kan eta ut av desse plantene som eg set ned med kjærleg hand. Ja, etter at eg har sveitta meg gjennom klargjering med spade og fjerning av diverse uinviterte planter.



Ein sak er jo at me aldri klarer heilt å få alle potene ut av jorda, ikkje eingang når eg spavender molda... Så potetplanter dukker opp litt her og der. Men okey då, potetplanta og eg har samme mål , her blir det noko me kan eta. Så prøver eg å temja nokon medan andre får bestemma litt sjølv kor dei skal veksa. Me er forsåvidt gode venner eg og potetplantene, berre eg let estetikken kvila litt......

 
Men det kjem nokon flygande som absolutt ikkje har samme mål som meg. Me er forsåvidt enig om at her skal det bli noko å eta men ikkje kven som skal eta..... Denne lyse, og vakre gjesten som kjem flygande tenkjer at her var det mykje godt og gjera seg nytte av. Her vil eg leggja egg... Som tenkt så gjort...... Egg blir til larver, og dei et og et og et....

.

Med eit utmattelsesproblem som markerte seg sterkt på sommaren i år så TAPTE EG den KAMPEN. Ja, eg gav vel omtrent opp. Og det vart etter kvart ikkje noko kjekt å sjå om desse plantene eingong.
Men i finaværet i går trassa eg forkjølinga mi og gjekk ut for å sjå kva som stod igjen der oppe, og for å rydda litt då veit de. 



Og litt resultat ser de jo at det vart og. Kjentes nesten som ein liten bonus ! Ser også ut til å bli ein del rosenkål til trass for dei oppspiste blada. Imponerande.



Nytt år , nye forsøk. Min kjære bondemann har lese noko forskning kring desse uinviterte skapningane. Dei skal visst ha funne ut at dei berre flyg i låg høgde, og at det skal vera nok å gjerda inn i ei bestemt høgda. Me hugser ikkje kor høgt... Men det var ikkje så veldig høgt.Nokon der ute som har prøvd ?? Har så lite lyst å kle heile åkeren med fiberduk... litt av kosen blir borte for meg då. Men på den andre sida... Eg har jo ikkje kost meg så veldig med det i år då !



Litt velkoment selskap fekk eg i åkeren i går, ein liten flygande skapning på brocoli- blomen. Men kjekkast var det at begge jentene gjorde ein god innsats for å få potetene opp !  Ho mor måtte gje seg , formen var jo ikkje heilt på topp, men jentene gjorde jobben. Dei er velkomne gjester på åkerflekken min !!!
Fortsett god helg til alle der ute. 

5 kommentarer:

Cecilie sa...

Så koselig med litt svette og hygge i grønnsaksåkeren! :) Smaker alltid veldig veldig godt når man har plantet og høstet selv ja!
Herlig at du får med deg jentene! Skaper gode minner det! :)

Ha en fin søndag! Kos deg med dine! :)

Klem, cecilie

Tullik sa...

Det er kjempekjekt å ha jentene med. Var alltid med før, på alt me dreiv med... Dine bilder av den litla frøkna di minner meg sånn om det ! Go`søndag !

Bestemor Drillo sa...

Så koselig å se egenproduserte grønnsaker !!

Det er ikke bestandig moro å dele de med alskens ulumskheter, men jeg tror nesten det er uungåelig! Ha en fin uke !!

Troen og Haapet sa...

Heisann! Takk for hyggelig kommentar hos meg, og da fikk jo jeg øynene opp for din blogg;) Legger meg like gjerne til som "følger", for her var det masse pent å se på og interessante innlegg..helt i min gate;)
Flott å kunne høste av sitt egen produksjon..smaker bedre da;)
Liker veldig godt hagen og huset ditt! Stein, i alle variasjoner, er så utrolig flott!Syns du har en fin stil hjemme hos deg..lyst og hyggelig, men ikke for "mye dill"!Høylandsfe er vakre og fascinerende dyr!
Følger deg spent videre;)

Hanne sa...

Mange godsaker dere har fått opp av jorden.