mandag 14. september 2009

Bjørnebær....

Nydleg haustvær i dag. Dagens runde handla for meg om bjørnebær. Har eit bjørnebærkratt i markjo, men det er noko vanskeleg tilgjengeleg. Balansen er god å ha, for der må balanserast mellom kvister , bekker, dumper med og utan vatn, rundt straumgjerde, grøfter og ein bekk. Litt bjørnebær blei det, nokre var overmodne , andre ikkje modne.

Å gå gjennom gras, busk og kratt gir også andre opplevingar. Sjå på desse spindel-veva. Trur eg må ha gått gjennom vev-kjerring og edderkopp-land......Sjå alle dei små spindelveva i graset. Men det var lite fangst å sjå.......

Også desse fantastiske mesterverka då. Sjå kva eit lite kryp kan få til å byggja på eigen hand :

Er ikkje dette kunstverk så veit ikkje eg..... 

Tullik .

Ingen kommentarer: