søndag 19. juni 2011

Jordbær og ugras.

Om nokon trudde det var slutt på ugraset tok de grundig feil. 
I for vår fekk eg flott formolda sauamøkk hos min kjære.... Fin mold men full av ugras..... Eg gav opp i jordbæråkeren, og grønnsakåkeren , i fjor. Dermed var det full produksjon av ugrasfrø der og lite anna.

Då eg byrja i dag var heile åkeren eit grønt teppe slik du ser det i bakgrunnen på desse bileta. Nesten ikkje mogleg å sjå jordbærplantene...  Etter mange timers arbeid og nesten tre trillebårlass med ugras... Vart åkeren slik:
Jordbærplantene er komen fram, og ti nye er planta !! 
Om du lurer så er dette andre runde med ugrasfjerning her i år....... Håper det verste er over no !!

Så krysser me fingre og håper det blir litt jordbær på oss denne sommeren !!

Ingen kommentarer: