søndag 19. juni 2011

Hagen, hosta og ugras.

 I dag har vore ein god hagedag. Været har vore bra, til dels veldig bra. Starta dagen i krydder/grønnsak åkeren. Der var uante mengder med ugras. Gjorde avtale med meg sjølv om to timers innsats på den fronten. Burde tatt før og etter bilder men hugsa ikkje på det. Innsatsen resulterte i 6 bøtter med ugras.....

   Etter denne innsatsen måtte sofaen "konsulterast" eit par timer så var dama klar til ny innsats. Her var nemleg ugras å henta også i mine blomebed.... 4 bøtter resulterte det i . Undervegs fann eg planter til ein nabo . Og det var lurt. Gjekk ned til henne med plantene og då vanka det nemleg både noko å eta og drikka ute på terassen. Godt med pause, påfyll i magen og godt selskap. 


Heima venta plenen. Den trong klippast etter 14 dager utan klipp.....Når det var gjort planta eg nokre planter eg har fått. Blant anna den første hostaen som var bilde av i dette innlegget.
Hostaen er nydlige planter. Denne siste er litt rufsete, og litt transportskada. Altså ny i år. 

Eg har også fått desse to bregnene. Er spente på korleis dei utvikler seg. Den eine er litt raudare i blada enn den andre.

 Denne hostaen er så liten der den står men eg trur (?) den er lik ein annan eg har.
Her står tre sjølvsådde kongslys som eg håper blir flotte når dei blømer i lys gult.
    Kryptimian sprer seg i singelen. Fint med det grønne i alt det grå. Og lilla blomer tar seg også flott ut. Håper den vil spre seg utover !!
 Nydlege allium - gråløk (?). Målet er at hostaen skal dekka dei visna blada. Kjempefine saman synest eg.

 Håper du og har fått kost deg i hagen. Krysser fingre for ein fin dag også i morgon !!

5 kommentarer:

Lina sa...

Åhh her var det mykje vakkert! Takk for kommentar. Ja, desse minna manar me fram når sommaren virkar fjern... Kongslysa mine står i knupp. Gledar meg og til blomstring på den fronten :)

Arlens boblebad sa...

Så mye fint du har i hagen din.Har lyst på hosta jeg og nå...Linn

Bente sa...

Tusen takk for vakkertur..men jeg venter på kolonihagen..
Ha fin søndag!

Mia sa...

Så fint det ser ut hos dig. Inte ett gräs i dom här bilderna. Hosta är vackert men jag får inte plats.. Din timian ser delikat ut ihop med gruset och stenen. Det gillar jag, mjuk och hårt om vart annat. Den är ju dessutom helt oemotståelig när den blommar.
Hoppas du har fint väder, här regnar det.. igen..

Ramme Alvor sa...

Ja ein ting som veks i dette kalde veret er ugraset :) Godt å få bukt med det :)

Klem!