onsdag 29. juni 2011

Gule innslag i hagen.

Ikkje den store bløminga i dette bedet, men fint likevel. Marikåpa i kanten på plattingen bidra med ei rik bløming. Svært kjekke blomer å ta inn i buketter. Den frør seg svært villig.  Plasseringa her har sorten stort sett stått for sjølv !! Og eg liker det. No plukker eg stort sett blomane før dei set frø. Prydkattemynte i forkant. Denne set katten så stor pris på at eg kvart år lurer på om den klarer å veksa fram. Heldigvis klarer den det. Lang blømimgstid på denne.



Denne primulaen bidrar også med eit gult innslag. Eg hadde ei plante. No har eg to , og tre små frøplanter funne i år. Fin plante synest eg. Kvit nellik i forkant.
 



Så var det visst litt bløming likevel !!

mandag 27. juni 2011

Takløk med spindelvev

og ein nydleg blom !





torsdag 23. juni 2011

Storskjerm.



Flotte planter synest eg. Mange grunner til det :
Villige. Frør seg lett.
Tåler å stå i skugge. 
Fine å ta inn i vase.
     Lang blømingstid.

Las nett at dette er ei gammel hageplante her i Norge og at den difor høyrer heime i gamle hager.Eg oppdaga den først på Fjeldberg gamle prestegard der den står så fint blant den grønne hosta planta. Sidan leita eg etter den og fekk kjøpt den ikkje lenge etter. I dag har eg mange av den. Eg hadde planta den oppe i ei skråning, men det var ikkje lurt. Fekk nemlig stort antall nye planter nedover heile skråninga....Mykje å plukka vekk for den frøa seg villig. No prøver eg å plukka blomane før dei set frø.
Den skal finnast i tre fargevarianter :
Heilt lys, rosa og meir raud. Eg har kjøpt ein heilt lys, og ein meir raudleg. No synest eg mange av frøplantene er meir rosa enn den lyse ....men ingen så raud som den mørkaste ??

Dette er den raudaste eg har no... Ovanfor er den lysaste og så er det mange slike :

Dei er litt i knopp enno må eg innrømma. Dei so er på veg til å bløma blir av ein eller annan grunn alltid meir synleg for meg.
Ynskje alle ei fin St.Hans afta !!

mandag 20. juni 2011

Utsikt frå 2.etasje.








Slik ser altså hagen på framsida ut. Hagen ligg i ein bratt skråning og det er naturen som har forma hagen. Det vil sei : eg har mura murar mellom berga og slik fått jordlommer som ikkje er så bratte. Litt sånn terassehage på eit vis. Her har vore lempa mykje både stein og mold. For ikkje å sei fjerning av røtter , torver og ugras....Her er framleis planer som ikkje er gjennomført, og det er forbetringspotensiale, HELDIGVIS !!
Og no gler eg meg over det eg har fått til, og nyter å sitja å sjå !! 

søndag 19. juni 2011

Jordbær og ugras.

Om nokon trudde det var slutt på ugraset tok de grundig feil. 
I for vår fekk eg flott formolda sauamøkk hos min kjære.... Fin mold men full av ugras..... Eg gav opp i jordbæråkeren, og grønnsakåkeren , i fjor. Dermed var det full produksjon av ugrasfrø der og lite anna.

Då eg byrja i dag var heile åkeren eit grønt teppe slik du ser det i bakgrunnen på desse bileta. Nesten ikkje mogleg å sjå jordbærplantene...  Etter mange timers arbeid og nesten tre trillebårlass med ugras... Vart åkeren slik:
Jordbærplantene er komen fram, og ti nye er planta !! 
Om du lurer så er dette andre runde med ugrasfjerning her i år....... Håper det verste er over no !!

Så krysser me fingre og håper det blir litt jordbær på oss denne sommeren !!

Hagen, hosta og ugras.

 I dag har vore ein god hagedag. Været har vore bra, til dels veldig bra. Starta dagen i krydder/grønnsak åkeren. Der var uante mengder med ugras. Gjorde avtale med meg sjølv om to timers innsats på den fronten. Burde tatt før og etter bilder men hugsa ikkje på det. Innsatsen resulterte i 6 bøtter med ugras.....

   Etter denne innsatsen måtte sofaen "konsulterast" eit par timer så var dama klar til ny innsats. Her var nemleg ugras å henta også i mine blomebed.... 4 bøtter resulterte det i . Undervegs fann eg planter til ein nabo . Og det var lurt. Gjekk ned til henne med plantene og då vanka det nemleg både noko å eta og drikka ute på terassen. Godt med pause, påfyll i magen og godt selskap. 


Heima venta plenen. Den trong klippast etter 14 dager utan klipp.....Når det var gjort planta eg nokre planter eg har fått. Blant anna den første hostaen som var bilde av i dette innlegget.
Hostaen er nydlige planter. Denne siste er litt rufsete, og litt transportskada. Altså ny i år. 

Eg har også fått desse to bregnene. Er spente på korleis dei utvikler seg. Den eine er litt raudare i blada enn den andre.

 Denne hostaen er så liten der den står men eg trur (?) den er lik ein annan eg har.
Her står tre sjølvsådde kongslys som eg håper blir flotte når dei blømer i lys gult.
    Kryptimian sprer seg i singelen. Fint med det grønne i alt det grå. Og lilla blomer tar seg også flott ut. Håper den vil spre seg utover !!
 Nydlege allium - gråløk (?). Målet er at hostaen skal dekka dei visna blada. Kjempefine saman synest eg.

 Håper du og har fått kost deg i hagen. Krysser fingre for ein fin dag også i morgon !!

fredag 17. juni 2011

Våte kveldstunder.

Me har sakna ein stad å sitja når været er litt vått men det likevel er fint å sitja ute.  Har no fått plassert to stoler, lite bord under tak. Der har me frå før to hengestoler frå Kid. Bileta tatt frå stolen eg satt i :





Her kan eg sitja å sjå på sola som går ned, fine blomer, levande lys, nymalt terasse og kjenna at dette er godt. 
Det er lukke i slike små kvardagsstunder !

lørdag 11. juni 2011

Det er liv i hagen !

Her hos oss er det ein liten krig for tida. Kampen gjeld kven som er sjef i huset vårt. Pusen vår, Rampus, som har budd saman med oss i mange år har fått ein konkurent.
Happy, som hunden heiter, har berre lyst å leika, men katten forstår ikkje hunde-språket..... Det ender jo med freselyder og kloring. Av og til i vilt sinne, som når hunder nærmer seg katten si matskål......
Joda, det er liv i leiren !!

 Nyter også hagen. Her ein type storkenebb som blømer. Kjempefin.

 Valmuen er nydleg med sine knopper og med blomen.
Dette bedet blømer mest og best om sommaren men nyter alliumen med sine flotte blomer. Duppsoleie til høgre og valmuen litt bak i bildet.  I dag har eg beisa terassen og plukka ugras i eit bed. Været er bra og håper på god fotorunde i hagen i morgon. 
God pinse.