torsdag 28. april 2011

Gras og ugras.

Det er ikkje alt som skjer i hagen min som er like planlagt. Ofte blir veien til medan eg går. Sånn var det med dette graset..... Eg har ofte sagt at gras er det verste ugraset eg har i hagen. Så kven skulle tru at eg skulle gå til innkjøp av gras for å pynta i hagen min ? Ikkje eg i alle fall, men sånn gjekk det . Etter ein tur på Plantasjen var eg brått (og brutalt...) eigar av fem gras -sorter. Det store spørsmålet då eg kom heim var kor eg skulle gjera av dei ?  Korleis skulle eg presentera denne nye "lidenskapen" ? Eitt nokså ledig bed, ei rot ( som eg lenge har villa hatt heim) og vips... Så vart det sånn :

Enno er det ledig plass så får me no sjå korleis dette går. Eg har jo rett og slett inga aning om kva eg har kjøpt, men no kan du få helsa på :


 Ormeskjegg står det på lappen som de ser.Skal bli ca. 25 cm. høg. Dette er einaste sorten eg har hatt før, fekk den då av ei hage-veninne. Dessverre fraus han opp ein vinter, pluss at trasta nok var der å rote, så den ville ikkje meir. Håper det går betre denne gangen. Denne må nok få noko grønt rundt seg for å koma betre fram. Me får sjå.
 Carex "Amazon Mist", kopparstarr står det på denne.Skal også bli ca. 25 cm. høg.

 Carex buchananii "Red Rooster".  Blir 30 cm høg. Meir rødleg denne. Skal bli spanande å sjå.


 Carex morr. "Variegata"  Japanstarr. Ca. 30 cm. høg.

 Og sist , og også  minst :
Carex oshimensis "Evergold". Blir bare 15 cm høg.

Har ikkje tenkt så grundig gjennom dette med sol, halvskygge og sånt. Ser dei har litt forskjellige krav. No krysser eg mine grønne (?) fingre og håper på god trivnad og vekst.
Har du erfaringer du vil dela, sorter å anbefala, så del gjerne under kommentarer. 
Takker varmt alle de som kommenterer, og eit særskild velkomen til nye følgjarar. Tusen takk for varme ord !!




6 kommentarer:

krepsemor sa...

Så mange flotte gressorter du har skaffet deg! Jeg har lenge vært fascinert av både gress og bladplanter med spennende farger eller mønster! De utfyller blomstrende planter helt perfekt, syns jeg!

Solveig sa...

Gress er fint som bare det;o)) Jammen godt det er flere enn meg som handler på impuls. Jeg skriver ned mange sorter jeg gjerne vil ha i hagen...og kommer stadig hjem med noe helt annet...
Ønsker deg en flott helg og kos deg i hagen.
Klem fra Solveig

Lina sa...

Veldig kult med gras då! :-) blir nok ein tøff kontrast i bedet :-) Lykke til med prosjektet. Ja, eg ser at gravmyrten nok må temmast litt, så han ikkje overtar hagen ;-) God hagehelg til deg og!

Unknown sa...

Tror jammen jeg må ta meg en tur å kjøpe gress også,det såg stilig ut :-),og så fine aurikler og primulaer på innlegget under.
Ha ei god hagehelg for det skal jeg ha ;-D

Unknown sa...

Så fin rot du har ,det må bli et fint bed med den rota der.
Det er fint med gress , det grønne gjør susen.
Ha en fin kveld Marit.

Turid sa...

Kjempe flott gress dette- trenger ihvertfall ikke høstes.....
utover det så har du mye spennende å fint i hagen din- God helg!