Dei siste dagane har eg arbeidd med utviding og fornying av bed. Dette bedet er det me ser mest når me sit ute om kveldane, og eg har sakna meir bløming der midt på sommaren.
Slik såg det ut for nokre dager sida då eg byrja å grava. Det vesle raude lønnetreet mitt skal sjølvsagt få stå. Det er ein av mine hagefavoritter.
Til saman har eg køyrt på 4 trillebårlass med mold. Denne første delen planta eg litt i . Pusen Rampus er på godkjenningsrunde.
Dette området er nemleg viktig for han, bl.a. med både liggeplasser og gøymeplasser. Nedanfor lønna treng eg ikkje prøva å planta noko svært : Der legg han det ned etter kvart !
Akeleie, astilbe (lys rosa, trur eg), nellik og rosa aurikkel hadde eg frå før . Men enno mykje ledig plass. (Jo, det vart ein tur på plantasjen....)
I dag gjekk eg i gang med siste rest. Så vart denne enden ferdig også. Nærast har eg planta ein Phlox paniculata, ein høstfloks. Den skal bli kvit. Det kan virka litt rart at eg har planta ein så høg blome i framkant, men det har med at det er der det er mold til det !!Ytterst må det nemleg vera planter som treng lite mold, mellom 10 og 15 cm...... Desse rosa auriklene har vakse opp der og er sett tilbake. Dei har faktisk meir mold no enn før.... Har også planta ein rosa nellik i framkant, der det også er lite mold. Ny er bronsekryp (Acaena m. "Kupferteppich" Basic), som ikkje viser på bileta. Nydlige røde, og grønne blad. Spennande plante som eg er spent på . To rosa pelargonier er plassert i potte, både for høgde i bedet og for å ha noko som blømer heile sommaren (håper eg)
Nye planter på oppsida av lønnen min er :
To stk Verbascum phoe. " Southern Charm", kongslys. Desse skal få ein farge som er vanskeleg å sei namnet på men f.eks. rosa-oransje? Ser for meg at denne fargen blir nydleg mot dei raude lønneblada....
Den andre nye er ein ridderspore som eg trudde var kvit men som eg no når eg studerer litt ser ut som den kanskje er svak rosa ? Delphinium (P.G.) "Galahad" heiten den. Nokon som veit ?
Planen frå i fjor er gjennomført. No gjenstår meir planting, prøve og feile med sammenplantinger. Alt er berre kjekt og eg er så fornøyd !