fredag 17. september 2010

Seglbåt, urter og Kjerringgarden

Sist helg var me ein flokk med damer som reiste på tur med Seladon, som er ein gammal seglbåt. 
Målet var urte og matkurs på Kjerringgarden på Bjoa.
Og dette var veldig kjekt !

Me kom til flott pynta lokaler. Pynten på bordet var sjølvsagt forskjellige urter.
Ingrid tok vel imot oss og demonstrerte , fortalde i god Ingrid Espelid stil. Ho hadde nemleg fuska litt....men med urtene var det ingen fusking. Her var mykje å læra.
Forrett: Spekeskinke og salat med honningmelon.Ikkje berre såg det lekkert ut, men smakte kjempegodt også. Brød med urter , grøn dressing var det også til.
Hovudretten var Kyllingsuppe med grønsaker, med grove rundstykker til. Smaka også kjempegodt !!
Dessert: Sjokoladekake med mynte. Pynta med ringblomer. Myntesmaken gav eit snev av After eight smak. Nydleg.
Dette er spansk kjørvel som er ei av urtene som vart med meg heim. Med på lasset var også kvann, eplemynte, sitrontimian og bergmynte.
Her er litt av urtehagen på garden.
Og her er utsalget der Ingrid solgte urter og andre produkter. Ho lager nemlig blant anna såper, kremer og forskjellige krydderblandinger for salg.
 Ein tur til Kjerringgarden på Bjoa kan anbefalast på det varmaste. Dette var ei oppleving for heile sanseapparatet vårt. 
Seglturen med Seladon er ei oppleving i seg sjølv. Den kjem eg tilbake til.
Go`helg
 

3 kommentarer:

Marie sa...

Mmmm, dette ser godt ut :)
Inspirerande med sånne besøk :)

Eg har vore på kjerringgarden sjølv ein gong også, men då var me ei heil busslast så me berre kikka litt rundt og handla litt.

God helg :)

Thelma Louise sa...

så spennede.:-) og ikke minst så koselig utsalg av urter.:-)

En god helg til deg.:-)

Solveig sa...

Åååå, dette såg både godt og koselig ut på en gang! Forstår godt at det var inspirerende:o)
For et koselig hus og en lun hage!
Ønsker deg en fin uke.
Klem fra Solveig