søndag 27. juni 2010

Ja eller nei...

Då eg var lita jente, ja kanskje stor og, plukka me eitt og eitt blad på prestekragen medan me sa ja og nei annakvar gong. 
Det var sånn me kunne få "vita" om kjærasten ville ha oss.
Det siste bladet ein reiv av gav svaret.
Eg er nokså sikker på at min kjære vil ha meg så eg har ikkje prøvd på ei stund.


Denne prestekrageliknande stauda kjøpte eg i fjor. Eg finn ikkje att namnet. Nokon som kan hjelpa meg ? 
Den likner på prestekrage i blomen , men er lys rosa på farge.
Ser de dei gule blada nederst ? Dei er eit vitne på kor tørt her har vore. No har det regna litt nokre dager. Eg håper molda er gjennombløytt men er slett ikkje sikker. 


Den blå lerkesporen blømer ikkje enno. Den har lagt sine vernande vinger rundt engnelliken i vinden som var. Sikkert i pur omsorg....Hmmm, håper engnelliken tåler det !
Her lurer sola bak dei kvite skyene. 
Kanskje ho kjem fram om eg går ut ?
Ha ein fin dag !

5 kommentarer:

Røsslyng sa...

Det ser ut til å være en rosenkrage (Tanacetum coccineum)du har? Flott var den ihvertfal uansett navn.
Frodige og flotte hostatuer du har i innlegget under, her kjemper de mot sneglene og er lang fra noe frodig syn
Ha en flott søndag!

Lene Megan sa...

Den lille "leg" har vi også i Danmark. Elsker, elsker ikke ... men lidt synd for blomsterne ;-)
God aften til dig!

Anonym sa...

Plantene tregner regn her på østlandet også. Takk for info om valmuen, tror jeg må kjøpe inn noen slike...
Klem igi

Mia sa...

Älskar, älskar inte.. men den blomman tycker jag mycket om, den ser ut som min Chrysanthemum coccineum 'Robinson's Rosa', jag har också en rödare, dom är underbara när dom blommar, men mina lägger sig gärna utöver, blommorna är liksom för tunga för stjälken, stämmer det?

Marie sa...

Nå har eg oppdatert meg litt på bloggen din :)

Å så mange skjønne blomar du viser :)

Ønskjer deg fine sommardagar med mykje sol og nok væte til at hagen trivst :)