Viser innlegg med etiketten haust 2011. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten haust 2011. Vis alle innlegg

lørdag 1. oktober 2011

Haust ?

Så var hausten komen godt i gang. Og det har regna....og regna og vore ganske så vått. 
Så plutselig slår det til med varme...som om det skulle vore midt på sommaren !!  I kveld har eg brent bål ute , nytt kvelden og varmen og vore meir lettkledd enn det eg har vore store deler av sommaren. 
Forstå det den som kan. Eg berre NYTER det !!

Ikkje berre har eg arbeidd i hagen i dag men jammen har eg fått tatt bileter og. Enno er det eit og anna som blømer. 



Kinasøten er ein trufast gjest kvar haust. Den er eit friskt fargeinnslag i hagen. 
Håper på samme vær i morgon, og om formen er fin skal resten av løkane i jorda !!
Go`helg !!