To sorter, fylte og enkle.
Der i hagen veks også tuer med Scillia (var det rett namn ?). Primula blømer, litt tulipaner og desse kvite som heng så fint over kanten . I min hage veks den mellom stein i stein-mur, men er usikker på namnet.

I gamle-huset bur det ingen no. Me held på å gjera klar for utleige. I samband med det vert det også litt omlegging i hagen. Difor ser det slik ut akkurat no :
Me ynskjer å disponera Eld-huset og vil laga til ein stad utanfor som høyrer til der. I grøfta skal eg planta syrin som eit skilje mellom desse to "hagane". Håper det vil fungera. Enno ein del å gjera og mykje mold som skal køyrast på.
Så ting skjer,men tek si tid. me stresser ikkje med det men tek det som det kjem.
Det var eit glimt frå gamle-hagen ved gamlehuset på garden !!

