mandag 2. juli 2012

STORarbeid på gang.

Dette bedet i denne skråningen er det eldste bedet i hagen . Det vil sei at det er mellom 12 og 15 år sidan eg byrja å planta her. Mykje har vore flytta på , og endringer er gjort, men nokon busker har stått her heile tida og er no veldig store.
Synest  ikkje eg har fått det heilt til her, og så er eg vel også lei av heile skråningen. At eldste dotter mi påpeika at ho syntes pieresane mine (det er tre av dei), var blitt altfor store....har også bidratt til planer om å gjera endringer. Ho har også sagt ho kan hjelpa meg :)
Den lilla rhododendronen på øverste bilete var også blitt stygg så den hadde eg planer om å klippa ned for å fornya den. Det har eg gjort med hell på andre rhododendroner så her prøver eg igjen.

 I hodet mitt svirrer det no planer om å flytta fleire av desse buskane til skråningane framfor huset. Der hadde det vore fint og fått noko som dekka fort og som hadde litt størrelse. Det er berre det at det er så tungt å flytta så store planter.... må nok snakka fint med min kjære mann (som alt er ganske overarbeidd...).
 Den største pieresen planlegg eg å stamma opp. Trur det kan bli bra. Spennande å sjå korleis det blir med dei andre to som veks inntil. Dei er nok litt spesielle i fasongen for å sei det sånn. Kanskje flytta dei ?
Dei siste bileta viser forskjellige stauder som veks i dette bedet, fleire sorter primula og storkenebb blant anna.Då dette bedet vart planlagt var eg svært oppteken av å ha ein del vintergrøne planter slik at her var fint heile året. Dette er nemleg ved inngangspartiet. No sakner eg likevel meir bløming om sommeren..... 
Har du ideer ?? Del gjerne med meg....hehe.
Så er det berre å setja i gang !! 

2 kommentarer:

Anonym sa...

Spennende prosjekt! Gleder meg til å se hva du bestemmer deg for.
Klem

Turid sa...

Synes skråningen din ser flott ut, men busker blir av og til for store. Blir artig å se hva du lander på her, jeg venter i spenning ;)
Ha en flott dag.