søndag 20. november 2011

Det er liv i hagen !

 Denne julerosa, som er limegrønn, har ikkje hatt blomer sida eg kjøpte den for eit par år sida. I vår fekk den ny plass og det var visst lurt. No står den med mange knopper og venter på å bløma. Her er nokså mildt enno, 10 grader i går, er spent på om det skjer no eller om den venter til etter snøen eller kanskje begge deler?


 Den står no lunt plassert i god jord mellom tre vintergrønne planter og det kjem rett og slett til å bli kjempefint når den blømer,trur eg !! Samstundes lurer eg på om den vil overleva barfrost og uansett skal det jo ein del snø til for å leggja dyne over denne planta. Snøen her ute ved havet er jo nokså ustabil.
Denne kvite, vanlege julerosa har gleda meg med blomer i fleire år.Den veks ikkje så veldig godt. Får kanskje litt lite lys om sommeren ?Den ligg jo med blomeknoppane under blada, nær jorda så den trur eg klarer seg fint. Eg har jo erfart det. Men lurer på om den alltid har kome så langt på denne tida ? Oftast har eg vel ikkje sett etter før i januar.



Gler meg til eg synest eg kan plukka inn ein heil bukett med juleroser !! Har ei tua til som likner på denne, ei plante eg fekk til jul i fjor. Den har eg gløymt å sjå om....
  Korleis står det til med julerosene ellers rundt i det store landet vårt ?

7 kommentarer:

Inger Marie sa...

Hei:)
Så flott med limegrønn julerose:)
At julerosene er kommet så langt iår,er nok temeraturen som gjør...det er jo fortsatt mildt for å ver langt uti november:)
Jeg har nettop laget et inlegg om mine juleroser...stappfulle av knopper..mye å ta av der:)
God søndagkveld:))

Lina sa...

ååå heldige du! eg ønskjer meg ein haug med juleroser i hagen ♥ det skal komma med åra :)

du er så kunnskapsrik, er veldig kjekt med hageinspirasjonen du deler :)

klem ♥

Lina sa...

tusen takk for ei strålande tips, kjære deg! :) hihi, det var jo berre heilt genialt! eg skal visa dette til Pål ;) ♥ blomar til fleirbruk, det kan me lika.

ønskjer deg ei flott veka og ♥

stor klem

krepsemor sa...

Er det ikke artig med blomstring på denne tiden? Men vi har jo hatt en særdeles mild høst/vinter så langt. Limegrønn juleroser er skikkelig flott, og sammen med vintergrønt blir det lekkert! Min hvite julerose står også med knupper helt nede i jordskorpen, og jeg skal jammen sjekke den i morgen, hvor langt den er kommet nå :)
Ha en fin uke, Tullik!

Ramme Alvor sa...

Fantastisk!!! Eg har hatt fleire, men ingen kom att :(


Klem!

Anne sa...

Nydelige juleroser hos deg ..spesielt den limegrønne.
Her er tett i tett med knopper og jeg håper å ta inn en bukett til jul..det gjorde jeg i fjor..og slik det ser ut nå er det ikke noe særlig snø i vente.
Julerosen er bare så vakker synes jeg.
Ønsker deg en fin ny uke!
klem Anne

Lina sa...

Takk, skjønne deg! ♥ Ja, me er heldige :) Ååå, eg har endå ikkje fått eller kjøpt meg julerose! Vakraste blomen! Men kortid plantar du ut? står dei i dvale ein stad gjennom vinteren? sidan dei er til sals no, meiner eg.

juleklem til deg ♥