tirsdag 9. august 2011

Om verdens ondskap og respekt for liv.

Bombe i Oslo, skyting på Utøya...... Hos mange av oss har dette satt sine spor , mange kjensler,mange tanker rører seg enno fleire veker etter hendinga.

Innlegget i dag skal likevel ikkje handla berre om det som hende der. Det er ikkje vanskeleg å vera enig i at det som hende i Oslo og på Utøya er ondskap og er handlinger som me ikkje ynskjer å stå bak.
I dag vil eg og fortella om ein liten katt som kom til oss ein junidag i år.Yngste dotter mi Stine ,var på veg heim frå siste skuledag. I traktor-garasjen høyrde ho sår kattemjauing. Ho såg ikkje katten og klarte heller ikkje koma nær den. Ein time etter kom eg heim og me starta katte-jakt i garasjen. Der var mange fine gøymeplasser for ein liten kattepus. Men mjaua me, så mjaua pusen , og etter kvart fekk eg tak i ein kattunge som freste og klorte etter meg.

Heldigvis hadde me tatt med eit handkle som me pakka pusen inni. I handkle, berre med eit lite hovud som titta fram, roa pusen seg heilt i armane til dotter mi. Slik fekk me brått ein katt til i heimen. Kattepusen tok til seg av melka den fekk og få dager etter åt den også kattemat. Han hadde eit skrubbsår på nasa og auge-betennelse. Han gjekk på katte-doen og var i grunnen ein kjekk katt å få i hus. Litt sky og skeptisk, søkte vekk frå oss om den fekk sjansen. Me trur den var mellom  tre og fira veker då den kom til oss. Etter kvart er han både trygg, leiken og kosen.

Me undra oss sjølvsagt på kor denne pusen kom frå. Mistanken vår vart bekrefta då mannen min gjekk ein tur langs vegen og fann ein overkøyrd kattunge på samme størrelse som den me hadde fått tak i. Vår litle pus var nok blitt kasta ut av ein bil på myrane her , saman med eit eller fleire syskjen. Planen var nok at den skulle dø der. Litle pus var heldig. No er den tre månader gamal og er ein herleg tillitsfull , kosete liten pusekatt. I slutten av månaden skal den få ein ny heim. Han vil bli sakna her, men me synest det er nok med ein katt og ein kvalp i huset.Sjølv om til og med sjefen sjølv, gamlepusen har godkjent litlepusen og leiker med han.


Dessverre er det ikkje første gang døde kattunger er funne på myrane her. Det gjer meg så sint at nokon kan velga ein slik utveg for å ta livet av kattunger. I dag har me så mange muligheter for å ta ansvar for både at det ikkje blir kattunger og korleis dei skal bli avliva. Men å overlata dei til trafikken eller sultedøden på myrane eller i skogen er ondskap, og syner ingen respekt for liv. Sjølvsagt kan ikkje dette måla seg med det som hende i Oslo/Utøya, men begge deler handler blant anna om ondskap og manglande respekt for liv.
 På ferieturen vår valgte me,som mange andre, og ta eit stopp i Oslo og leggja ned blomer. Det vart ei sterk oppleving. Mine tanker og varme medkjensle går til dei som er direkte ramma av denne tragedia. Sterk vart det også då me kom til Karlstad og fredsmonumentet der også fortalde om medkjensle og omsorg.

Kampen mot ondskap handler om så mangt. Respekt for liv også. Det er å håpa at me slepp slike tragedier som denne.
Poenget mitt med å dra kattehistorien inni dette er at det er i dei små tinga at ondskap byrjer å gro. Det er der kvar og ein av oss kan bidra, med både meininger og handlinger. Bare slik kan Norge vera ein god stad for alle oss som bur her.

6 kommentarer:

Bente sa...

Så fint innlegg..Og så fint at dere har plass til katten.

Lina sa...

For eit fantastisk flott og tankevekkande innlegg. Eg fekk frysningar både av pus si historie og den andre historia me har fått så grueleg god kjennskap til i det siste... Du er ei klok, filosoferande og flott dame, du! :) Dette var kjekt å lesa. Så fantastisk at de gav pusen ein så fin "fosterheim". At nokon kan gjera slikt mot dyr! FYSJ. Eg vert heilt dårleg. Gledar meg til oppdatering frå hagen din att ;) Klem Lina

Lina sa...

Det var synd. Då vil eg ønska deg veldig god bedring! :) diktlesing er utruleg kjekt. Det kan eg anbefala på det varmaste :) klem

Hanne sa...

Jeg skjønner heller ikke at folk bare kan ta livet av dyr på det viset. Så godt at det var dere hun kom til.

Når det gjelder den store tragedien lille Norge har opplevd i sommer, så finner jeg ikke ord. En ung gutt herfra ble drept på Utøya, og det preger nok mange her. Det var ei underlig helg, som å være i ei lita boble. En uvirkelig følelse, og den satt i lenge.

Bestemor Drillo sa...

Takk for et tankevekkende innlegg Tullik! Jeg har ofte tenkt på, hva er det som gjør enkelte mennesker så onde ? I utgangspunktet er jo et menneske født godt, men på livsvegen har et eller annet forandret dem!
Jeg blir helt satt ut av alt det onde som skjer både med dyr og mennesker og håper inderlig at vi nå kan gå et mere tolerant samfunn i møte!
Klem til deg !

Marie sa...

Eg er også framleis sjokka over det som hende i Oslo og på Utøya. Det er heilt ubegripeleg at nokon kan meia ned barn og unge på denne måten...

Når det gjeld kattungar har alle som vel å ha katt eit ansvar for både dei og avkommet dei måtte få. Også dei som har hankatt.

Klem