tirsdag 26. april 2011

Påskeliljene i min hage.

 Desse enkle gule påskeliljene var dei første løkane eg kjøpte til min eigen hage. Dei er å finna fleire stader no , og trivst godt.
I dag har eg også mange slike av den små sorten. Nokre av alle dei som står i butikken og freister tidleg på våren.Dei er jo nett som ein liten skog av påskeliljer.
Andre vår-fristelser som har stått i potter og så planta ut er denne. Kjempefin, men ikkje heilt på topp enno.
 I hagen min står også desse kvite , elegante påskeliljene :

 Den kjem opp midt i ei tue av  vinterglans, og det går visst heilt fint.
 Og sist men ikkje minst denne :

 Denne kalla me pinselilje, og denne er av den gamaldagse sorten. Den fekk eg av ei veninne i fjor, og er så glad for den. Den blømer med fire blomer i år.
Som de ser har eg flest av den enkle sorten. I gamlehagen veks det fylte påskeliljer. Dei liker eg betre og betre og trur kanskje eg må flytta nokon inn i min hage klare for neste sesong.


6 kommentarer:

Arlens boblebad sa...

Kjekt med alt som kommer opp av seg selv, har ikke kommet i gang med det enda.Det såg ut som du hadde min favoritt der også på det miderste bildet.Bridal crown som dufter nydelig.Linn

Lina sa...

For ein fin blogg du har! :-) Her vil eg finna mykje vakker hageinspirasjon ser eg :-)

Lina sa...

Så artig då! :-) Det var jo mange likhetar. Stilig. Eg likar headeren din utruleg godt! :-)

Anonym sa...

Nydelige blomster!
Grusstien ble kjempe fint - delig å være ferdig med et slikt prosjekt tenker jeg.
Klem

Anonym sa...

Så fine de var :)

Unknown sa...

Fine påske og pinseliljer,Har ikke begynt å blomstre her enno men det blir snart :-)
Kos deg i hagen.