tirsdag 29. mars 2011

Det spirer og gror

Det spirer og gror og eg nyter det.
På dette første bildet er det litt fusk. Tulipanane er kjøpte og planta ut. Har no stått ei veka , fått litt snø, vind, regn, sol, men ser flotte ut.

Været har vore mangfoldig denne veka. Slik er vel mars. Syntes ei veninne sa det så bra : at snøbyger er også ein del av våren. Plutselig kjende eg det var litt lettare å leva med den snøen som erter oss sånn innimellom. No skal ikkje eg klaga på snø då....Den snøen som kjem forsvinn fort og det spirer i beda mine.

 Tulipanane er starta reisa si. Krokusane i bakgrunnen er alt i gang.
 Våririsen blømer:
Flytta den i fjor trudde eg..... men denne stod igjen. Den står klin inntil ei lyngplante.... Men den eg har flytta er ikkje komen så langt som denne.
Denne spirer og og blømer. Men kva heiter den ?
 Blomane er små no men vil vekse med bladene utover våren. Kanskje ikkje spesielt vakker men synest den er dekorativ og står til mykje .
  Ingen varme å skryta av her i vest. Fredag retter eg nasa mot syd, 7 dager på Gran Canaria skal bli godt.
Gler meg alt til å koma tilbake til hagen !!

søndag 27. mars 2011

Jenta med motorsag.

Det var ein gang ei odelsjente på ein liten gard på Vestlandet. Då ho fanga opp at  jamngamle odelsgutar hadde vore på kurs i korleis handtera motorsag ropa ho ut "kvifor har ikkje eg fått tilbod om dette? 
 
Ropa vart høyrd, nytt kurs vart arrangert, og fleire jenter vart melde på. Odelsjenta lærte om stell av sag, om trygg bruk av motorsaga, om teknikker og øving i skogen fekk dei og. No kan odelsjenta svinga motorsaga.
 
Veden for neste vinter er felt og kvista. På sidelinja kunne ein stolt far og bestefar stå å sjå på. Ikkje fritt for at mor og mormor, som godt kan lika ved i ovnen, også var stolte og glade.
Tryggleik er viktig. Både hjelm,vernesko og bukse er på. Ikkje akkurat vakkert synest odelsjenta, som er oppteken av mote og design. Kan hende ho kan gjera noko med det på sikt ?

Sidan dette er ei sann historie kan eg ikkje slutta av med "snipp snapp snute ,no er eventyret ute", men sluttar med parolen
"jenter kan også" ! .   

lørdag 26. mars 2011

Vårteikn.

Våren er i anmarsj !
Det blømer litt her og der og enkelte stauder og busker byrjer visa grøne blad. Det er ikkje varmt og godt , men når sola viser seg varmer ho eit kaldt vinter ansikt.

tirsdag 15. mars 2011

Trollhassel

Brått ein dag stod trollhasselen i full blomst. Den er så flott på denne tida. Sjarmerande, rufsete og absolutt med personlighet.
Busken har eg fått av ein god hagevenn. I fjor klipte eg av godt med greiner. Vil ha luft under busken. Det ser bra ut så langt......