mandag 21. desember 2009

Jul i eldhuset.



Her på garden har me eit gamalt eldhus. Det har i si tid vore brukt til å baka i, vaska klede, gjera opp dyr til matauk osb. 
Seinaste tida har det mest vore eit rom der ein set bort ting og tang.
Me har alltid hatt eit ynskje om at dette sjarmerande vesle bygget skulle brukast til noko. Me har ved eit par høve spidda pølser i grua , men no gjekk me til verket. No er eldhuset er rydda, støvsugd og pynta til jul. 
For første gang har me invitert til førjulskaffikos med naboane våre. Sytten personer, trangt om plassen, men der det er hjarterom er det husrom seiest det !!


 I ei snøkava kom selskapet, for å varma seg i eldhuset som me hadde varma opp til ca.2 grader !! Etter ein time var det 5 grader i det uisolerte huset. Men me kosa oss med julakjeks, snop, kaffi,kakao, julesang og drøs (småprat) mellom naboane.


Eg hadde kost meg med å pynta. Plukka inn ein del grønt og plassert litt rundtom, saman med både nisser, mus og engler. Utemøblane våre fungerte også i denne samanhengen.


 I dag har me ete julagraut med mandel i, i same huset.Koslige stund. Men meir røyk i dag ! Så me måtte lufta litt innimellom..... 

Litt travel helg, men veldig kjekt å ha gjort dette for både naboer og familie. Herlig å ha overskudd til det !! 

6 kommentarer:

Røsslyng sa...

Så utrolig koselig eldhus med kjempeflott grue.

Ønsker deg en riktig trivelig julefeiring! :)

Kort og Søm sa...

Så koslig!!
Tenk å bake brød der... :o)

God jul,
klem Fredrikke :o)

Mia sa...

Det høres ju riktigt mysigt ut, bare en klær seg godt så er vel 5 grader varmt? Det ser jo så charmerande ut att det vore synd att inte bruka eldstedet, tenker alle storkoste seg :)

Bestemor Drillo sa...

Nydelig julestemning i Eldhuset !
Ha en fin førjulskveld! Klem!

Hanne sa...

Så utrolig koselig å ha et slikt hus til disposisjon, for kos og hygge med gode naboer eller helt for seg selv. Og så fint du har pyntet det. Herlig.

Turid sa...

Åååååååå det her hørtes koselig ut!!
Tenker det ble stemning tross to pluss grader til tider....
Ha ei flott julefeiring og god jul!