torsdag 3. september 2009

Høstjakt i hagen

På min høstjakt i hagen kom eg over nokre overraskingar...... Fleire av vårblomane vil også vera med å prega hausten i år. Her blomstrar vårfloks, marikåpe, hageballblom og rododendron.Litt artigt synest eg.....

Rododendronane mine helser ofte hausten med nokre blomar, men så mange som på denne rododendronen har eg ikkje sett om hausten før.

Vårfloks i "samplanting" med ildblomkarse er også nytt av året !

Artigst var no likevel den gule hageballblomen som nabo til røsslyng, og ein tredje nabo eg ikkje hugser navnet på. Litt pjuskete blom, ikkje rart med alt regnet me har hatt.



Marikåpe blomstrer for andre gang.

Haustjakten enda altså med vårteikn denne gongen !!!  Hausten har også sin sjarm, så meir om hausten seinare.....

(Her kjem ei helsing til Tanta mi og hennas kjære som har reist ned i varmen for å trena.  Høyrer de har det "travelt" men bra. Stå på og kooos doke ! )

Tullik

1 kommentar:

Unknown sa...

Hei kjære du !!! Dette var kjekk lesing, både om hage og helsinga frå deg. Vi ligg godt an i treningsløypa både fysisk og mentalt og ...... Varm sydenklem