Ja, sånn er det her.
På lørdag står minstejenta vår konfirmant.
Dei siste vekene har det meste handla om å gjera klar til den store dagen.
Og at hagen skal sjå bra ut er jo viktig for meg !!
Desse tre første bildene viser kva som møter gjestene ved inngangspartiet. Eg har prøvd å begrensa meg i innkjøp av sommerblomer og godt var det for her har vore sjeldent kaldt til mai å vera. Ser ut til å ha gått bra så langt.
I bedet som er på motsett side av første bilde, blømer Erica-vårlyng lilla og kvit, blå perleblomst, mange lilla kuleprimula, andre lilla primulaer, nokre lys gule tulipaner, kvit tusenfryd,lilla rododendron og også litt påskeliljer som blømer enno. Og innimellom flotte blader frå stauder som skal bidra utover sommeren. Mange rododendroner venta også med flotte knopper. Oppe til venstre er tre forskjellige Pieres som bidrar med raude og raudlege blad og flotte kvite blomer.
Ved flaggstanga blømer kvit kuleprimula og flotte pinseliljer. Innimellom også fleire lilla primula og perleblomst. I bakkant av dette står flotte tulipaner klare for bløming
Sola skein i kveld, men meir regn i morgon. Har somla meg til å gjødsla i dag -difor kvite prikker på jorda. Utsikta vår kan vel trygt visast fram også.
Desse lilla tulipanane ...mmmm, nydleg farge spør du meg !! Veit det ikkje er så fint med desse støttene men her har vore ein kald stygg vind så difor har eg sikra mot knekte tulipaner.
Det neste bilde viser det me ser frå stovevindauga. Her blømer den lys gule rododendronen som alltid er fyrst ute. Lilla kuleprimula er ein gjenganger. Sibirsk hengeertebusk i bakgrunnen. Gul hageaurikkel kan skimtast, her blømer også fleire aurikler.Tulipaner på veg her også.
Samme bed sett frå andre sida . Fleire aurikler å sjå her.
Dette røde lønnetreet med tulipaner framfor ser ein godt frå kjøkkenvindauga. Fuglebad med froskekor på var eit impulskjøp på plantasjen tidleg på våren. Veldig kvitt enno....
Liker frosk i hagen !!
Var kjekt med litt tid i hagen i dag. No blir det ikkje gjort meir ute. Det er ikkje perfekt men det er bra !!
Så ynskjer me oss fint varmt vær, spesielt på onsdag og laurdag !!
Ha det godt.