fredag 13. juli 2012

Pieres på flyttefot


Det var ei tid det å ta bilder av hagen ikkje var i fokus. Her er altså yngste dotter vår, som no er 14 år , ivrig medhjelpar når sand skal køyrast i sandkassa. Men over hovudet på min mann ser de tre pieres busker på rekke og rad. Og dette er altså  det bedet eg no har arbeidd i og blant anna flytta den rododendronen som står øverst til venstre i bilde. Sjå innlegg nedanfor.



Dei tre store pieresane mine har no alle fått eit nytt liv. Dei er planta for ca. 12 år sida.
Den midterste som kjem med raude blad på våren ser no slik ut :


Den har eg no stamma opp og blei flott synest eg. Og no står den også slik eg liker den best, med lysegul topp.  Den brokablada som står til venstre er kanskje den eg liker best, den har no ei tydleg framside med tette flotte blad, og ei bakside nesten utan blad. Den til høgre , som får mange kvite klokker om våren, fekk også ei bakside.Eg var spent på om eg klarte grava dei opp for flytteplanane var klare.



Og som bilda viser , det gjekk veldig bra. Byrja med den minste, og vart nokså overaska over at rotsytemet var såpass lite . Så no har eg flytta begge desse to buskane utan hjelp !!
Og ny vokseplass vert ca 4-5 meter lenger bak bedet.
Der står desse to kompostdunkane. Ikkje spesielt vakre, men dei lager god kompostjord . Den svarte balja som står opp-ned skal bli ny vokseplass. Eg har laga store hol i botnen og håper det er nok til at væta renn ut. No er baljene plasser her :

No er det ingen som kan sjå kompostdunkane våre når dei køyrer opp vegen vår. 

Og dette er baksida av buskane . Blir spennande å sjå om det kjem nye blad på desse greinene som no har fått lys. Tida vil også visa om dei vil lika potte-tilværet, ellers må dei nok på flyttefot igjen. 
Litt finpuss på nedsida er gjort, men vart ikkje dokumenter og får bli vist fram ein annan gong.
No ser det slik ut i bedet.
 Mange muligheter her. Planer svirrer i hode. Kjempekjekt !!

Go`helg. Ha det godt så lenge. Tullik.

4 kommentarer:

Spirea sa...

Så herlig blogg med så mange fine bilder og inspirasjon - og så deilig det må være med en slik hage der man kan ordne og dandere og fikse og få idèer. Kreativt utløp rett og slett :) Nydelig. Jeg har en mann som holder på slik, selv har jeg ikke de grønneste fingrene men nyter vakre hager altså...Fant bloggen din for første gang i dag og her var det fint å være. Takk :) god helg til deg!!

Marit sa...

Så kjekt å fornye i gamle bed! Ser flott ut! ;o)

Inger Marie sa...

Så store pieres du har!
Og en smart måte å skjule kompostdunkene:)
Nyt hagen og håper solen skinner på deg:))

November- symra sa...

Så flott den ble den oppstamma pieressen, og for et arbeid å grave opp de to andre... tror du ikke de to i potter vil skyte skudd på "baksiden" nå når de får lys nok? regner med du kommer med rapport om det!