fredag 14. september 2012

Tullik- bloggen takker for seg,

og opner ny blogg http://rauneknappen.blogspot.no/
Tusen takk for fylgje så langt.
Håper du blir med over til ny blogg.


tirsdag 11. september 2012

Kinasøte

Kinasøten (Gentiana) blømer fint på hausten og lyser opp med stripete skjørt og blondekant.
Og den ville gjerne delta på konkurranse hos Anne på Moseplassen.com. !!


lørdag 8. september 2012

Blogger eg ?


Ja, dette var overskrifta på det aller første blogg-innlegget mitt for litt over tre år sida, 03.09.2009. Eg trudde eg hadde blogga i to år men jammen er det blitt tre. Innimellom opptil daglege innlegg, andre perioder langt mindre. Mykje har skjedd i livet mitt desse åra, og også i hagen.
No for tida er fotoapparatet borte vekk... og det motiverer ikkje til blogg innlegg.  Følger funksjonen fungerer ikkje lenger på denne bloggen, og eg får ikkje til å gjera noko med det. Går med planer om å ta i bruk ny blogg, har oppretta ein og ser at då fungerer følgerfunksjonen. Så det blir kanskje løysinga.
Til så lenge har eg kopiert mitt første hageinnlegg . Som jo egentlig ikkje blei sett av så mange !! Høstanemonen har spreidd seg mykje i hagen no, parykkbusken er vekk. Fekk veldig lyst på ny når eg ser på dette bilde.
God helg !!

Høstanemone



Eg liker godt desse enkle blomane som pynter så fint i hagen no. Her er dei i knopp og i blomst. Bak blomen ser de parykkbusken min. Synest lys rosa er så fint mot desse "raude" blada.
Synd dei ikkje er så glad i å bli med inn !

onsdag 8. august 2012

Flittig Lise

 Lenge sida Flittige Lise har vore på besøk hos meg.
 Ho er flott og sjå til.
 Lyser opp ved inngangen saman med ein Hebe og Silver falls.


søndag 5. august 2012

Svart hageglede.

 I jakten på trær og blomster som skal plantast i gamlehagen kom eg over denne :




Svarthyll - Sambucus Nigra "Black Lace". Vil du vita meir om denne kan du ta ein tur inn på plantebloggen min  : http://tulliksplanter.blogspot.no/2012/07/sambucus-nigra-black-lace-svarthyll.html

Blir lett fasinert av planter med mørke blader. Siden det står at den egner seg til krukke-liv skal den først få bu litt her hos meg !! Ny potte er no kjøpt inn. 

mandag 30. juli 2012

Den nyplanta skråningen med ukjent plante.

Har i det siste planta i den skråningen der eg har fjerna fleire busker. Har flytta planter på  tidspunkt dei gjerne ikkje skulle vore uroa, men det ser ut til å gå bra.

Gleder meg til plantene har vakse eit hakk større.  Har aldri planta med sånt fokus på bladverk som eg har gjort her så det blir spennande neste sommer.


Midt i skråningen har eg laga ein liten sti slik at det skal bli lettare å stella. Her skal eg leggja fiber-duk og bark.
Den oppstamma pieresen min synest eg blei flott og eg kan sitta lenge og nyta det eg har gjort. Øverst i bedet , som er nederst på bildet over her, er eg enno ikkje heilt ferdig. Blei nok litt overivrig og har måtta tatt det med ro litt no.

Denne planta er flytta rett før bløming... Men blømer gjer den. Håper det går bra. I dag er spørsmålet til doke der ute kva plante dette er ? Har fått den av ei god hage veninne. 

Den har fått litt overvekt,-fekk for lite støtte etter flyttinga, men den har flotte rød-lilla stilker, grønne blader med litt rødligt i, og så desse fine lys lilla-rosa klokkene. Dei nederste blada er litt store og rufsete. Tipper den er mellom 60 og 80 cm høg.
Hadde vore så kjekt å få navn på den.
 Som sagt er formen sakte om dagane. Gjer no litt småting her og der , men det klør i hendene etter å gå i gang med fleire prosjekt. 
Komme tid. Komme råd !!
Ha det godt og hugs å nyta hagen.
Tullik



søndag 29. juli 2012

Gamle potter i ny drakt, igjen.


På den store grusplassen har eg også plassert dei gamle gode krukkene mine. Denne gang med svart farge.

 Dei har akkurat fått seg ein omgang med svart spraymaling og ser godt ut. Ja, til å vera frå forrige århundre så ser dei vel svært så godt ut. 

Diverse krukker har vore innom her og forsvunne igjen. No har eg bestemt meg for, trur eg, at det berre skal kjøpast keramikkpotter. Dei er tunge, men det viser seg å vera dei som held ut med meg !! 


Denne grusplassen ligg oppå ein tørr-mur som er frå eit til to meter høg. Det er fylt opp med stein, grov pukk og singel på toppen. Det er ikkje ynskjeleg at eg planter store ting her pga. fare for at røtter sprenger ut muren. Altså må plassen få sin "dekor" på anna vis. 
Det skal koma gjerde her sjølvsagt. Mogleg det blir eit gjerde som det også kan klatra litt grønt i.

Sjølvsagt skal det også koma grøne vekster i alle pottene, tenkte eg skulle gå for forskjellige hebe-sorter i denne omgang.



Så no er altså takløk i strømpebukser på plass. Det er også timian. Den sprer seg også fint i singelen. Kan skimtast både til venstre og høgre på det første bilde. Litt ovanfor denne plassen veks denne frøstjerna . Kjøpt i fjor og viser seg flott fram i år.



Her har det akkurat vore skikkeleg med torden og ei god regnbyge. Krysser fingre for at dette været kom med sommervarmen. Eg gir ikkje opp håpet før uti september har eg tenkt !! 



Ha det godt så lenge. Tullik.

lørdag 21. juli 2012

Takløk i nylonstrømpebukse.

Ein stad i hagen synest eg det er altfor mykje singel og stein og for lite grønt. Har fleire ideer for å bøta på det, men ting tar tid. I dag har eg sett ein av ideane mine ut i livet.
I vår kjøpte eg inn fleire sorter med takløk med tanke på dette prosjektet. Dei har stått og pynta opp ute på terassen. Mange "babyer" er komne til og plassen i kassen trang.

Takløken veks med ytterst lite mold, men for å gje den ein god start har eg laga desse pølsene av nylonstrømper.



 Rett og slett stappa plantejord nedi beina på avlagt strømpebukse.  Sidan takløken eg skulle bruka hadde litt rotklump, snitta eg eit hol der eg putta takløken med rotklump nedi.


 Så gravde eg vekk singel på utvalgte plasser, la jordpølsa med takløk nedi. Og vips var det litt grønt i singelen.



 Enno seier ikkje soga korleis dette vil gå. Eg følgjer spent med.


Go`helg og

ha det godt så lenge.



 Tullik.

tirsdag 17. juli 2012

Min nydlige kvite ridderspore.


Det dukker stadig opp nye favoritter i hagen. Jaja, nye og nye.... Ridderspore har eg alltid likt og hatt lyst på.  Trudde eg hadde kjøpt blå ridderspore for nokre år sida men etter eit hagebesøk her fekk eg greia på at det var ein type hjelm..... Den var feilmerka på hagesenteret.  Den, hjelmen altså,  lever i beste velgåande. Har hatt noko trøbbel med meldugg i dette bedet siste åra. Gravde opp og kvitta meg med noko i fjor og no ser det veldig bra ut. Og favoritten er altså denne kvitte riddersporen :




















Den heiter : 
Og du finner meir info om den på plantebloggen min :  http://tulliksplanter.blogspot.no/2012/07/ridderspore.html

Plantebloggen har eg laga for å laga oversikt og samla informasjon om plantene mine. Etter at eg skifta mal er den blitt bra synest eg. "Søkekassen" gjorde susen. No er det lett å finna det eg søkjer etter. Men for all del : Den er ikkje ferdig. Men ta gjerne ein titt og kom med tilbakemeldig. Nokre planter mangler bilete, andre mangler tekst, men meininga er at der skal vera begge deler.

Ellers får eg ikkje følgerfunksjonen til å virka.... Nokon som har vore borte i det samme og fått det til. Den virker på plantebloggen så kvifor ikkje her ??

Ha det godt.
Klem frå Tullik



fredag 13. juli 2012

Pieres på flyttefot


Det var ei tid det å ta bilder av hagen ikkje var i fokus. Her er altså yngste dotter vår, som no er 14 år , ivrig medhjelpar når sand skal køyrast i sandkassa. Men over hovudet på min mann ser de tre pieres busker på rekke og rad. Og dette er altså  det bedet eg no har arbeidd i og blant anna flytta den rododendronen som står øverst til venstre i bilde. Sjå innlegg nedanfor.



Dei tre store pieresane mine har no alle fått eit nytt liv. Dei er planta for ca. 12 år sida.
Den midterste som kjem med raude blad på våren ser no slik ut :


Den har eg no stamma opp og blei flott synest eg. Og no står den også slik eg liker den best, med lysegul topp.  Den brokablada som står til venstre er kanskje den eg liker best, den har no ei tydleg framside med tette flotte blad, og ei bakside nesten utan blad. Den til høgre , som får mange kvite klokker om våren, fekk også ei bakside.Eg var spent på om eg klarte grava dei opp for flytteplanane var klare.



Og som bilda viser , det gjekk veldig bra. Byrja med den minste, og vart nokså overaska over at rotsytemet var såpass lite . Så no har eg flytta begge desse to buskane utan hjelp !!
Og ny vokseplass vert ca 4-5 meter lenger bak bedet.
Der står desse to kompostdunkane. Ikkje spesielt vakre, men dei lager god kompostjord . Den svarte balja som står opp-ned skal bli ny vokseplass. Eg har laga store hol i botnen og håper det er nok til at væta renn ut. No er baljene plasser her :

No er det ingen som kan sjå kompostdunkane våre når dei køyrer opp vegen vår. 

Og dette er baksida av buskane . Blir spennande å sjå om det kjem nye blad på desse greinene som no har fått lys. Tida vil også visa om dei vil lika potte-tilværet, ellers må dei nok på flyttefot igjen. 
Litt finpuss på nedsida er gjort, men vart ikkje dokumenter og får bli vist fram ein annan gong.
No ser det slik ut i bedet.
 Mange muligheter her. Planer svirrer i hode. Kjempekjekt !!

Go`helg. Ha det godt så lenge. Tullik.