Har i det siste planta i den skråningen der eg har fjerna fleire busker. Har flytta planter på tidspunkt dei gjerne ikkje skulle vore uroa, men det ser ut til å gå bra.
Gleder meg til plantene har vakse eit hakk større. Har aldri planta med sånt fokus på bladverk som eg har gjort her så det blir spennande neste sommer.
Midt i skråningen har eg laga ein liten sti slik at det skal bli lettare å stella. Her skal eg leggja fiber-duk og bark.
Den oppstamma pieresen min synest eg blei flott og eg kan sitta lenge og nyta det eg har gjort. Øverst i bedet , som er nederst på bildet over her, er eg enno ikkje heilt ferdig. Blei nok litt overivrig og har måtta tatt det med ro litt no.
Denne planta er flytta rett før bløming... Men blømer gjer den. Håper det går bra. I dag er spørsmålet til doke der ute kva plante dette er ? Har fått den av ei god hage veninne.
Den har fått litt overvekt,-fekk for lite støtte etter flyttinga, men den har flotte rød-lilla stilker, grønne blader med litt rødligt i, og så desse fine lys lilla-rosa klokkene. Dei nederste blada er litt store og rufsete. Tipper den er mellom 60 og 80 cm høg.
Hadde vore så kjekt å få navn på den.
Som sagt er formen sakte om dagane. Gjer no litt småting her og der , men det klør i hendene etter å gå i gang med fleire prosjekt.
Komme tid. Komme råd !!
Ha det godt og hugs å nyta hagen.
Tullik